Facebook ikon Twitter logo Print side

Overleverte helse- og omsorgsbygg

Nøyaktig klokka ni i går overleverte Brødrene Ulveseth lokalmedisinsk senter på Straume til Fjell kommune.

Frå venstre; Lars Thommasen, Vidar Foldnes og Odd Jarle Kleppe (alle Brødrene Ulveseth), Tonje Tangen Alvsvåg, Bjørn Erik Kristiansen, Eirik Milde og tilsett hjå Eigedomssjefen.
Frå venstre; Lars Thommasen, Vidar Foldnes og Odd Jarle Kleppe (alle Brødrene Ulveseth), Tonje Tangen Alvsvåg, Bjørn Erik Kristiansen, Eirik Milde og Jonny Angeltveit (alle Fjell kommune). 

Lokalmedisinsk senter (LMS) er på om lag 9 300 kvadratmeter over fire etasjar. Prosjektleiar Eirik Milde opplyser at senteret inneheld legevakt, fastlegesenter, tannklinikk, dialyseavdeling, rehabilitering for døgnpasientar og dagpasientar, intermediær avdeling, øyeblikkeleg hjelp-rom, korttidsplassar (sjukeheim) og dagsenter med kantine.

Brødrene Ulveseth har hatt totalentreprise på prosjektet. Totalramme for prosjektet er 320 millionar kroner. Senteret vert offisielt opna i mars neste år.





Publisert: 30.11.2018 01:09
Sist endret: 30.11.2018 01:16