Facebook ikon Twitter logo Print side

Overrekte miljøfyrtårndiplom til Mester Grønn

- Mester Grønn står som eit forbilde for andre butikkkjeder gjennom det arbeidet som er lagt ned i å verta sertifisert som Miljøfyrtårn. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho i dag overrekte miljøfyrtårndiplomet til dagleg leiar i Mester Grønn i Sartorparken, Ida Nygard.

Dagleg leiar Ida Nygard og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Dagleg leiar Ida Nygard og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Det er ikkje berre blomsterforretninga på Straume som kan titulera seg som Miljøfyrtårn. Heile butikkjeda til Mester Grønn med sine 120 forretningar og hovudkontor er sertifiserte.

- Vi har arbeidd med dette i sju år. Berre for å få sertifisert rosene, har vi fylt ut 50 ark. I utgangspunktet var ikkje dette lønsamt, men det er vorte det etter kvart. Mellom anna har vi teke i bruk gjenbruksseil i staden for svøpeplast på transporten, seier Nygard.

Ordføraren viste til at sertifiseringa er viktig med tanke på miljøet og bevisstgjeringa ved handtering av avfall.

- Innsatsen til Mester Grønn er imponerande og butikkjeda har teke eit stort samfunnsansvar med å arbeida målretta for korleis kvar enkelt tilsett kan hjelpa til for å redusera miljøavtrykket mest mogleg, sa ordføraren.

Døme på tiltak knytt til sertifiseringa er bruk av fornybar diesel ved transport, 1 400 kurs om miljø, redusert sjukefråvær og kjeldestorering av 90 prosent av avfallet. Mester Grønn har to miljømøte med dei tilsette kvart år der ein diskuterer lokale miljøtiltak og kva som kan gjerast for å redusera fotavtrykket.

- På vårparten kvart år set vi mål for miljøtiltaka, og tek ein gjennomgang på hausten om vi har nådd måla, seier Nygard som viser til at ein del av produkta i forretninga er Fairtrademerkte. Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som gjennom handel styrkar bønder og arbeidarar i fattige land.

I Fjell er det registrert 10 verksemder som er miljøfyrtårnsertifisert. Mellom desse er det kommunaleigde selskapet FjellVAR.

Her kan du lesa om fleire sertifiseringsordningar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa i dag:

Desse Asalie-plantene er dyrka fram miljømessig.Fleire av produkta er Fairtrade-merkte.

 

 

 


Publisert: 22.11.2017 13:39
Sist endret: 22.11.2017 13:52