Facebook ikon Twitter logo Print side

På epleslang ved Fjell sjukeheim

Etter ein flott sommar fekk vi sist veke smake litt på hausten.

Epleslang ved Fjell sjukeheim

Mellom regnskurane vart ein gjeng frå fløy 4 ved Fjell sjukeheim tekne på fersken i det dei var på epleslang i hagen. Trass i at det er tidleg i innhaustinga og epla framleis er litt sure, var det semje om at eplemos og eplekake kunne ein lage.

Nysteikt eplekake

Så medan regnet hølja ned ute, vart kanskje eit minne eller to om noko kjent vekt til liv inne i det lukta av nysteikt eplekake spreide seg i avdelinga.

Nysteikt eplekake

Tekst og foto: Maria Furenes


Publisert: 20.08.2018 09:45
Sist endret: 20.08.2018 09:49