Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for 178 bustadeiningar på Ågotnes

Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Valderhaugane på Ågotnes skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Komité for plan og utvikling (KPU) skal ta stilling til dette på møtet den 7. februar.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Skisse; ARD arealplan
Skisse; ARD arealplan

Planområdet for denne planen er om lag 100 dekar og ligg i området ved Kårtveit skule, sør for Valderhaug på Ågotnes. Planen legg til rette for oppføring av barnehage, 178 bustadeiningar, leikeplassar, grøntareal og gangvegar. Bustadeiningane er tenkt i form av einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og lågblokker.

Plan for Heimtun, Straume

Rådmannen går også inn for at plan for Heimtun, Straume, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag åtte dekar og ligg sentralt på Straume like sør for Sartor Storsenter. Formålet med planarbeidet er å leggja til rete for mellom 60 og73 bustadeiningar.

Andre saker i KPU den 7. februar

  • Mindre endring av reguleringsplan for Fløisteinspollen, Bjorøyna
  • Detaljreguleringsplan for Snekkevikneset, Snekkevika (omregulering av 10     fritidsbustader til bustad, naust, flytebryggjer m.m.)
  • Høyringsframlegg: Lokal fartsforskrift til sjøs

Ved starten av møtet vert det orientering om endringar i teknisk forskrift (TEK 17) og arbeidet med ulovleg-saker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16 (orienteringar).
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 01.02.2017 22:57
Sist endret: 01.02.2017 23:02