Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Angeltveitvegen klar til sluttbehandling

Kommunestyret skal på møtet den 26. oktober ta stilling til detaljregulering for Angeltveitvegen, Angeltveit.


Skråfoto over planområdet (ARD arealplan)


Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar. Einingane er i form av einebustader og konsentrerte bustader med infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass.  Eitt av rekkjefølgjekrava er føreslått teke ut av planen. Det gjeld kravet om utviding av den smale vegstrekninga på Landrovegen (fv 211) ved brua over elva på  Angeltveit.

Ny vassleidning

Kommunestyret skal også ta stilling til eit forslag om å leggja ned ny vassleidning i samband med bygging av ny Sotrabru til ein kostnad på 10 millionar kroner. Det er også forslag om å oppgradera leidningsnettet Stekervika-Stølsvika til ein totalkostnad på 16 millionar kroner. I formannskapet vart det også innstilt på å leggja ned ny vassleidning i samband med bygging av gang- og sykkelveg over Bildøyna til ein kostnad på 45 millionar kroner. For strekninga Fjell  rådhus-Bildøybakken vert det henta inn anbod. Det vert innstilt overfor kommunestyret at ein vil koma tilbake til endeleg vedtak for denne strekninga.

Elles skal kommunestyret ta stilling til forslag om å rullera kommunedelplan for Straume.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus den 26. oktober kl. 15.00 (merk tidspunktet!). Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 18.10.2017 15:26
Sist endret: 18.10.2017 15:29