Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Heimtun på Straume klar for sluttbehandling

Rådmannen går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Heimtun på Straume. Komité for plan og utvikling tek stilling til saka på møtet den 5. februar.

Skisse ARD arealplan
Skisse ARD arealplan

Planenen omfattar utbygging av inntil 73 bustader i blokker og eventuelt rekkjehus. Kommunestyret vedtok å utsetja saka i september i fjor for å få ytterlegare drøfting av seks vedtakspunkt. Dette gjaldt mellom anna vurdering av heilskapleg utvikling i området, uteopphaldsareal knytt opp mot krav i overordna plan og rekkjefølgjekrav. I planforslaget er det sett krav om etablering av rundkøyring mellom Arefjordsvegen, Bildøyvegen og Sartorvegen og fortay og sykkelfelt i Arefjordsvegen.

Kommunestyret avgjer saka.

Plan for Maimyra, Brattholmen

Rådmannen går inn for at detaljregulering for Maimyra, Brattholmen, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 29 dekar, og formålet er å leggja til rette for totalt 72 bustader i fork av rekkjehus, husværebygg med vegar, gangvegar, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal. Det er sett rekkjefølgjekrav til opparbeiding av krysset ved innkøyringa til planområdet frå fylkesveg 233 og opparbeiding av leike- og uteopphaldsareal.

Rår frå start med plan for detaljvarehande på Knarrvika

Rådmannen rår frå at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan for detaljvarehandel, kontor og industri ved Mustadvatnet, Knarrvika. Dette vert grunnegjeve med at eit slikt tiltak er i strid med gjeldande plan for området («Områderegulering for riksveg 555 Sotrasambandet») der det står at det «ikkje er tillate med detaljhandel».


KPU skal behandla 11 klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Møtet startar med orientering om områdereguleringsplan for Nordre Bildøyna (SE1) v/ Liegruppen.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst : Vigleik Brekke

 


Sist endret: 30.01.2019