Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Landrovegen klar for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 7. november ta stilling til detaljreguleringsplan for Landrovegen, Polleidet. Rådmannen går inn for at planen vert godkjent.

Skisse: Og Arkitekter as
Skisse: Og Arkitekter as

Planen legg til rette for oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar i to-tre etasjar, leikeplassar, grøntareal, turveg og gangbru over Angeltveitvassdraget. Planområdet ligg sør for skuleområdet på Ågotnes og aust for Valderhaug. Etter at planframlegget låg ute til offentleg ettersyn i august/september 2016, kom det inn merknader frå fem offentlege instansar og eín privat. I saksutgreiinga går det fram at overvatn har vore ein aktuell og utfordrande problemstilling.

Rår frå å gje løyve til å regulera til næring på Valen

Det er kome førespurnad om å få etablera eit signalbygg for ulike næringsverksemder som kan utnytta den sentrale lokaliseringa og eit godt kollektivtilbod langs hovudaksen mot Bergen.

Målet med tiltaket er å leggja til rette for kontorarbeidsplassar knytt til apartementshotell, kompetanse- og innovasjonssenter innanfor teknologi. Det er også ønske om å få høve til å leggja til rette for at delar av næringsbygget kan innehalda nærbutikk og servicetilbod for eksisterande bustadfelt og lokale verksemder.

Rådmannen framhevar i si vurdering at det er behov for ein overordna handels- og næringsanalyse som kartlegg eksisterande næringar, eksisterande areal, forretningspotensial og framtidig behov. Difor meiner han at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å starta opp planarbeidet. Han går difor inn for at komitéen ikkje gjev løyve til å starta opp arbeid med reguleringsplan for nytt næringsareal i Valen.

Andre saker i KPU den 7. november

  • Detaljreguleringsplan for ROP-huset, Søre Bildøyna (ROP: Rus- og psykiske lidingar)
  • Godkjenning av planprogram for interkommunal kommunedelplan for Skogsskiftet
  • Oversendingsframlegg, rutinar for oppfølging av rekkjefølgjekravFire klagesaker

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus. Møtet startar med synfaring klokka 14.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 01.11.2017 09:47
Sist endret: 01.11.2017 09:52