Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Landrovegen, Polleidet, klar for sluttbehandling

Detaljreguleringsplan for bygging av maksimalt 70 bustadeiningar på Polleidet er klar for sluttbehandling. Det er no føreslått å leggja inn ekstre rekkjefølgjekrav om utbetring av ein del av Landrovegen. Komité for plan og utvikling (KPU) behandlar saka den 5. desember.

Skisse: Og Arkitekter AS
Skisse: Og Arkitekter AS

Saka vart behandla av KPU den 7. november, men sendt tilbake til administrasjonen for å få innarbeidd eit ekstra rekkjefølgekrav. Kravet innebér utbetring av landrovegen (fv 211) mellom avkøyringa til bustadområdet (planområdet) til krysset Landrovegen/Vestsidevegen.

I tillegg til oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar legg planen til rette for fire leikeplassar, grøntareal og parkering. Det er også planlagt offentleg turveg og gangbru for kryssing av Angeltveitvassdraget.

Andre saker i KPU den 5. desember

  • Framlegg til detaljregulering for Trettevika, Bjorøyna. Første gongs behandling.
  • Mindre endring av detaljreguleringsplan, Langøyna
  • Fire klagesaker

 Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 29.11.2017 13:58
Sist endret: 29.11.2017 14:03