Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Mabbursvegen klar for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for Mabbursvegen, Anglavika. Planen legg til rette for å byggja fem nye bustader med totalt seks brukseiningar. KPU hadde sitt siste møte dette året i går ettermiddag.


Foto over planområdet (ARD arealplan)

Det har kome inn sju merknader til planen i høyringsperioden, fem av dei frå offentlege instansar. Fylkeskommunen meiner busstilbodet er avgrensa i området og er kritisk til korleis planen støttar opp under mindre bilbruk og god utvikling av senterområda i kommunen.

I utgreiinga viser rådmannen til at busstilbodet med 30 avgangar dagleg er svært godt og at det på overordna nivå i kommunen vert arbeidd med trafikksikringar på strekninga langs fylkesveg 209. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Komitéen behandla fire klagesaker. Ei av dei vart utsett for synfaring.

Før behandlinga av sakene, vart det orientert om kommunedelplan for den nordre
delen av Litlesotra og kommunedelplan for Skogsskiftet (Sund).


Tekst:Vigleik Brekke

 


Publisert: 07.12.2016 09:46
Sist endret: 07.12.2016 09:48