Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Nordra Lia, Anglavika, til høyring

Komité for plan og utvikling vedtok i går at framlegg til detaljregulering for Nordra Lia, Anglavika, vert lagt ut til offentleg høyring.

Ill.: ARD arealplan
Ill.: ARD arealplan


Planområdet for Nordre Lia er på 17 dekar og ligg på Anglavika, fire kilometer frå regionsenteret Straume. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 30 bustadeiningar som konsentrerte bustader, infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Det er lagt opp til å etablera om lag 400 meter med fortau med ein breidde på to og ein halv meter fram til fylkesvegen i sør.

Lokal forskrift

Komitéen vedtok å leggja framlegg til forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn for Fjell kommune ut til offentleg høyring. Den lokale forskrifta skal regulera bruk av private avlaupsløysingar frå eksisterande og nye verksemder når avlaupsvatnet inneheld olje- og/eller feitt. Det er FjellVAR som har behov for ei lokal forskrift som regulerer dette.


Før behandlinga av sakene tek til, var det orientering om møte med Fylkesmannen om flystøy og detaljregulering for Luren, Foldnes.

Komitéen behandla ni klagesaker. Komitéen var på synfaring i fire klagesaker i går (avslag på søknad om dispensasjon). Behandling av desse sakene vart utsett til neste møte.

På tysdag var det også møte i komité for drift og forvaltning.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 07.03.2017 23:09
Sist endret: 07.03.2017 23:12