Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Nordre Lia, Anglavika, klar for høyring

Rådmannen går inn for at framlegg til detaljregulering for Nordra Lia, Anglavika, vert lagt ut til offentleg høyring. Komité for plan og utvikling behandla saka på møtet den 7. mars.

Ill. ARD arealplan
Ill. ARD arealplan


Planområdet for Nordre Lia er på 17 dekar og ligg på Anglavika, fire kilometer frå regionsenteret Straume. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av totalt 30 bustadeiningar som konsentrerte bustader, infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplass.

Det er lagt opp til å etablera om lag 400 meter med fortau med ein breidde på to og ein halv meter. Rådmannen skriv i utgreiinga at han er nøgd med at tiltakshavar etablerer ein trygg tilkomst for mjuke trafikantar fram til kollektivhaldeplassen i sør.

Andre saker

Elles skal komitéen ta stilling til framlegg til forskrift om utslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn for Fjell kommune. Det ligg føre ni klagesaker.

Før behandlinga av sakene tek til, vert det orientering om møte med fylkesmannen om flystøy og detaljregulering for Luren, Foldnes.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00 (etter orienteringar).
Her kan du lesa innklalling med saksutgreiing.

Den 7. mars er det også møte i komité for drift og forvaltning.


Publisert: 01.03.2017 14:50
Sist endret: 01.03.2017 14:58