Facebook ikon Twitter logo Print side

Plan for Tibben, Trengereid, klar for sluttbehandling

Rådmannen går inn for at detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid, vert godkjend. Dersom komité for plan og utvikling den 23.oktober tilrår å godkjenna planen, går han til endeleg godkjenning i kommunestyret.

Illustrasjon/foto
Planområdet

Planområdet er på om lag 34 dekar og ligg på Trengereid. Formålet er å leggja til rette for å byggja totalt 17 bustadeiningar i form av rekkjehus og ein einebustad. I tillegg kjem infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass.

Planen har vore ute til offentleg ettersyn. Statens vegvesen hadde motsegn til planframlegget, men har seinare trekt motsegna. Dermed kan kommunen eigengodkjenna planen. Planområdet grensar til eit bustadområde som er under bygging i aust og ein godkjend plan for ei småbåthamn i vest. Området ligg vestvendt til på ei hylle i terrenget og har gode sol- og utsiktsforhold. Bustadfeltet vert synleg frå Trengereidpollen, men vil ifølgje rådmannen ikkje bryta med silhuetten i landskapet.

Mindre endring av reguleringsplan

Det er søkt om å få godkjent ei mindre endring av reguleringsplanen for Angeltveit Vest, Angeltveit. Formålet med endringa er å endra plasseringa av arealformåla og forbetra terrengtilpassing av planen. Endringane bryt ikkje med intensjonane i gjeldande reguleringsplan, og rådmannen tilrår at planendringa vert godkjend.

Komité for plan og utvikling skal behandla 14 klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/ill.: Ard arealplan

 


Publisert: 16.10.2018 19:49
Sist endret: 16.10.2018 19:52