Facebook ikon Twitter logo Print side

Planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes) klare for endeleg vedtak

Kommunestyret skal på møtet den 21. mars ta stilling til to detaljreguleringsplanar som er klare for sluttbehandling. Komité for plan og utviklinga har rådd til at begge planane vert godkjende.

Logo

Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar. Det skal vera eit viktig bidrag til vidareutvikling av regionsenteret Straume. Det er vert lagt til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Planen for Valderhaugane, Ågotnes, legg til rette for oppføring av barnehage og 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og blokker i tillegg til infrastruktur som leikeplassar, grøntareal og gangvegar.

Andre saker i kommunestyret den 21. mars

  • Bergen og Omland Havnevesen, justering av selskapsavtale og stiftingsdokument for Bergen og Omland Havn IKS
  • Nytt suppleringsval til alle domstolsutvala

Møtet vert halde i kultursalen Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Før behandlinga av sakene tek til, gjev prosjektleiar i Statens vegvesen, Espen Hammersland, orientering om status for Sotrasambandet.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Sist endret: 16.03.2019