Facebook ikon Twitter logo Print side

Planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes) klare for sluttbehandling

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 5. mars ta stilling til to detaljreguleringsplanar som er klare for sluttbehandling.



Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar. Det skal vera eit viktig bidrag til vidareutvikling av regionsenteret Straume. Det er vert lagt til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Det er sett rekkjefølgjekrav til opparbeiding av det offentlege torget (Grønaplassen) og gangsti vidare opp til Varden. Rådmannen rår til at planen vert godkjend. Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.

Valderhaugane, Ågotnes

Rådmannen går inn for at planen for Valderhaugane, Ågotnes, vert godkjend. Planen legg til rette for oppføring av barnehage og 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og blokker i tillegg til infrastruktur som leikeplassar, grøntareal og gangvegar.

Planen var til sluttbehandling i KPU i juni 2018. Saka vart sendt tilbake til administrasjonen for komplettering. Rådmannen har vurdert moglege anleggsbidrag knytt til infrastruktur. Han rår til at det vert lagt inn eit rekkjefølgjekrav knytt til opparbeiding av fylkesveg 211 frå avkøyrsle til detaljregulering for Landrovegen til brua ved Polleidet. Det er også gjort ein del mindre endringar i føresegnene. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret dersom komitéen innstiller på at planen vert godkjend.

KPU skal behandla tre klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen Fjell rådhus etter synfaring klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: ARD arealplan

 


Sist endret: 26.02.2019