Facebook ikon Twitter logo Print side

Planar for nord/sør-vegsamband klare for høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 18. september ta stilling til om planar for vegsambanda Kollveit-Ågotnes (fv 561) og Kolltveit-Sund (fv 555) skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

Begge vegsambanda er knytt saman med Sotrasambandet (rv 555)
Begge vegsambanda vert knytte saman med Sotrasambandet (rv 555) på Kolltveit.

Samla kostnad for begge vegprosjekta er førebels rekna til nærare 5,8 milliardar kroner. Når det gjeld veg mot sør, meiner rådmannen at det truleg vil verta nødvendig å dela vegsambandet opp i fleire utbyggingsetappar. Begge prosjekta inngår i delprosjekt to i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra-Bergen og det nord-sørgåande sambandet på Sotra.

Kolltveit-Ågotnes

Dette planframlegget legg opp til ei fullstendig trafikkløysing som opnar for ny firefeltsveg med planskilte kryss på Kolltveit og Ågotnes, tre bruer over vatn og vassdrag og miljølok på Ågotnes. Strekninga er på 9,7 kilometer. Kostnadsoverslaget (pr. august 2017) er mellom 1,89 og 2,36 milliardar kroner, alt etter kva løysing ein vél.

Det er tatt høgde for at det kan byggjast ein tofeltsveg med midtdelar som eit første byggjesteg, men vegen er planlagt som ein firefeltsveg i samsvar med vegnormalane. Rådmannen skriv i utgreiinga at utbygging av tofeltsveg som eit første byggjesteg med seinare utviding til firefeltsveg vil verta vesentleg dyrare enn å byggja ein firefeltsveg i eitt byggjesteg.

Kolltveit-Vorland

Planframlegget legg opp til ei trafikkløysing med 15 kilometer lang veg (to felt) med tre tunnelar og sju bruer. Ni kilometer av vegen ligg i Fjell kommune. Samla kostnad (anslag) er 3,4 milliardar kroner. Det er to tunnelar på strekninga, bak Fjell gard (om lag 2,8 kilometer) og ved motorcossbana ved Trengereid (0,3 kilometer). Det er også lagt opp til ein tunnel på strekninga frå Fjell gard forbi Krossleitet. Ved å dela opp prosjektet, kan ein få realisert dei delane av prosjektet som er viktigast å få gjennomført på kort sikt. Rådmannen viser mellom anna til at realisering av den lange tunnelen bak Fjell gard truleg ligg langt fram i tid.

For begge prosjekta vert det understreka at dei samfunnsmessige med prosjekta vert rekna for større enn dei negative konsekvensane av planframlegga. Rådmannen meiner også at realisering av desse prosjekta vil vera positivt for næringsutvikling og attraktivitet for busetting. Han rår difor til at begge planframlegga vert lagt ut til offentleg høyring.

Andre saker i KPU den 18. september

  • Detaljregulering Heimtun, Straume (sluttbehandling). Denne planen legg til rette for å byggja mellom 56 og 73 bustadeiningar i blokker og eventuelt rekkjehus rett sør for Sartor Storsenter.
  • Detaljregulering Straumsfjellet, Straume (sluttbehandling). Planen legg til rette for etablering av 83 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal.
  • Førespurnad om interkommunal plansamarbeid, områderegulering av Skogsskiftet.
  • Ni klagesaker

Møtet vert halde i Fjell rådhus, kultursalen, og tek til klokka 16.00 (etter synfaring som startar frå rådhuset kl. 14.00).

Her kan du lesa innkalling med saksliste.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 11.09.2018 23:14
Sist endret: 11.09.2018 23:21