Facebook ikon Twitter logo Print side

Planlegg 42 nye bustader på Kleivane

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 6. februar ta stilling til om detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Kleivane, skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Skisse; Rambøll
Skisse; Rambøll

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet den 6. februar ta stilling til om detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Kleivane, skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på 80 dekar, og det vert lagt til rette for å byggja 42 nye bustadeiningar. Planen omfattar også infrastruktur, felles hus, felles uteopphaldsareal og leikearel.

Planområdet ligg i landbruks-, natur- og fritidsområde. Kommunen har tidlegare konkludert med at tiltaket ikkje var stort nok til å utløysa krav om konsekvensutgreiing. Rådmannen vurderer også no at det ikkje er nødvendig å krevja konsekvensutgreiing. Han føreslår at saka vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU skal behandla ni klagesaker.

Møtet vert halde i komitésalen på Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 31.01.2018 10:20
Sist endret: 31.01.2018 10:22