Facebook ikon Twitter logo Print side

Legg plan for Kleivane på offentleg høyring

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag at detaljreguleringsplan for Hjortefaret, Kleivane, skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Skisse; Rambøll
Skisse; Rambøll

Planområdet er på 80 dekar, og det vert lagt til rette for å byggja 42 nye bustadeiningar. Planen omfattar også infrastruktur, felles hus, felles uteopphaldsareal og leikearel.

Planområdet ligg i landbruks-, natur- og fritidsområde. Kommunen har tidlegare konkludert med at tiltaket ikkje var stort nok til å utløysa krav om konsekvensutgreiing. Rådmannen vurderer også no at det ikkje er nødvendig å krevja konsekvensutgreiing.

KPU behandla ni klagesaker. Tre av dei vart utsette for synfaring.






.


Publisert: 07.02.2018 09:39
Sist endret: 07.02.2018 09:50