Facebook ikon Twitter logo Print side

Planlegg utbygging av 104 bustadeiningar

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 7. mai ta stilling til detaljreguleringsplan for Møvika og Skoge. Rådmannen tilrår at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Planområde sett frå sør.
Planområde sett frå sør.

Planområdet er på om lag 100 dekar og ligg til dels på Møvika og dels på Skoge. Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av totalt 104 bustadeiningar innanfor tre utbyggingsfelt. Planen opnar for variert bustadutbygging med infrastruktur, felles uteopphaldsareal og leikeplassar.

Planområdet ligg på grensa mellom Møvika og Skoge, og tilkomst er via fylkesveg 559 frå Fjell eller via fylkesveg 210 frå Ågotnes. Rådmannen skriv at planframlegget er i hovudsak i samsvar med overordna planar og retningslinjer. Det er gjort nokre endringar som rådmannen meiner må innarbeidast før planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU skal behandla fem klagesaker.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Akons


Sist endret: 30.04.2019