Facebook ikon Twitter logo Print side

Planlegg utviding av Landro gravplass

Komité for plan og utvikling skal på møtet eden 6. mars ta stilling til om detaljreguleringsplan for Landro gravplass skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for 550 nye gravplassar og 220 urnegraver.

Landro gravplass
Landro gravplass

I tillegg til utviding av sjølve gravplassen vert det lagt opp til å regulera fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen for å sikra forholda for gåande og syklande. Det er føreslått at eksisterande sjeneflor/løe skal takast vare på og nyttast som reiskapshus.

I saksutgreiinga går det fram at det er behov for å auka talet på gravplasser på Landro. Det er no berre om lag 40 plassar ledige, og formålet med planarbeidet er å utvida gravplassen for å dekkja behovet i eit perspektiv på 20 år. Ei utviding vil også ha kapasitet til å møta behov i Nye Øygarden kommune. Rådmannen går inn for at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Plan for Branndalsåsen, Bildøyna

Dette er ein områdereguleringsplan som gjeld område SE3 og B1 på Bildøyna. Planområdet er på om lag 114 dekar og legg til rette for 500 til 700 bustader og rundt 1 300 kvadrameter næringsareal. Planen skal sikra ei heilskapleg, funksjonell og estetisk utvikling av Branndalsåsen. Planen fastset vidare plangrep for ein bymessig bygningsstruktur med areal for variert sentrumsutvikling og reine bustadområde.

Plan for Møvik bustad- og næringspark

Planen frå Møvik bustad- og nærinspark er klar for sluttbehandling. Planområdet er på 23 dekar og ligg i Møvika. Det vert lagt til rette for inntil 36 nye bustader i kombinasjon med næringsverksemd. Den etablerte småbåthamna ver vidareført utan særlege endringar slik som i gjeldande plan.

Statens vegvesen og fylkesmannen kom med motsegn til planforslaget. Motsegna frå Statens vegvesen er avklart og trekt, men det er ikkje kome til semje med Fylkesmannen. Kommunen kan difor ikkje eigengodkjenna planen. Med bakgrunn i innkomne merknader, innspel frå tiltakshavar og møte med Fylkesmannen og Statens vegvesen, er det gjort mindre endringar og justeringar i planen og føresegnene.

Rådmannen meiner planframlegget er tilfredsstillande løyst og rår til at planen vert godkjent slik han ligg føre. Dersom kommunestyret godkjenner planen, vert det formell mekling med Fylkesmannen før vidare behandling i kommunestyret og eventuell oversending av saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Andre saker i KPU 6. mars

  • Organisering av arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra
  • Fem klagesaker

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Fjell kommune

 


Publisert: 28.02.2018 09:57
Sist endret: 28.02.2018 10:04