Facebook ikon Twitter logo Print side

Planleggingsdag for barnehagetilsette i nokre av barnehagane i kommunen

Fredag 9. februar var assistentane og pedagogane i 7 barnehagar samla på to ulike stader til planleggingsdag.

Tema for assistentane var «Matematikk ute» og «Motorikk-leik på uteleikeplassen»  

Her var det henta inn ekspertise frå Høgskulen på Vestlandet v/Magni Hope Lossius og Trude Fosse. Og frå fysio-/ og ergoterapitenesta i vår kommune kom Laila Eithun Kobbeltvedt og Vibecke Samsonsen Lynge.

Planleggingsdag for assistentane i nokre av barnehagane i Fjell kommune

Været var så absolutt ikkje på vår side, men barnehagefolk er vande med å vera ute i all slags vær.  Som de kan sjå på bileta, var ikkje været eit hinder for smil og latter og stor iver i høve oppgåvene.  Det vart ein superfin dag trass klimatiske utfordringar.

Pedagogane var samla til kurs i nevroaffektiv utviklingspsykologi

Psykolog Knud Hellborn og styrer i Fredriksverk børnehus, Jane Hellborn, ga pedagogane ei introduksjon til Nevroaffektiv Utviklingspsykologi.


Psykolog Knud Hellborn.

I løpet av dagen fekk pedagogane ei veksling mellom teoretisk forståing, og fleire gode døme på korleis ein kan ta dette med i møte med barna.

Forelesararane såg på kva samspel som bidreg til utvikling av sunne nevrale funksjoner i hjernen, evna til sjølvregulering og god sosial åtferd.
Pedagogane fekk inspel til korleis ein kan bruke leik og aktivitet til å skape utvikling hjå barnet.

Fleire bilete

Planleggingsdag med uteaktivitetarPlanleggingsdag med uteaktivitetarPlanleggingsdag med uteaktivitetarPlanleggingsdag med uteaktivitetarPsykolog Jane Hellborn

Teskt og foto: Irene Solem Hansen


Publisert: 12.02.2018 09:32
Sist endret: 12.02.2018 09:37