Facebook ikon Twitter logo Print side

Plansmia Ågotnes: Fornya interesse for kystkulturen

- Det er ei ny interesse for det tradisjonelle og kulturarven. Dette var noko av bodskapen frå professor på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), Dag Jørund Lønning, på det andre møtet for plansmia Ågotnes i dag.


Dag Jørund Lønning
Dag Jørund Lønning

Under temaet «Ågotnes og identitét» trekte Lønning dei store historiske linjene frå det tradisjonelle sterkt lokalprega samfunnet med fiskarbonden der det var nødvendig å bruka lokale ressursar for å overleva. Seinare kom det moderne samfunnet med industri, standardisering, dei store forteljingane med globalisering og reindyrka ideologiar som kommunisme, sosialisme og fascisme. Her var mennesket eit tannhjul i samfunnsmaskineriet.

Dette gjekk så over i postmodernismen, ei individualistisk tid med individet i fokus.

- Vi gjekk frå pliktsamfunnet til lystsamfunnet. Vi nyttar gjernet uttrykket glokalisering (å vera både global og lokal). Her er dei store forteljingane vekke. No handlar det om småforteljeringar med meg i midten. Men her oppstår også ny interesse for det tradisjonelle og kulturarven, sa Lønning. Han understreka at Ågotnes ikkje berre må vera ein stad «å gjera», men også ein stad «å vera».

Ågotnes i dag

Han runda av med korleis Ågotnes er i dag med kombinasjonen av fiskarbonden, strilen og det «gamle Ågotnes» og industri, industrikultur og tilrettelegging for det moderne. Han viste til dei førebelse innspela i MyCity. Dette er ein digitalt verktøy der alle interesserte kan koma med sine tankar om korleis Ågotnes kan utvikla seg.

Kaja Endresen Bertheussen i UKS orienterte om deira arbeid med plansmia.
Kaja Endresen Bertheussen i UKS orienterte om deira arbeid med plansmia.

Ifølgje Lønning viser innspela at mange er opptekne av å få på plass turløyper som heng saman. I samtalen rundt trekte fleire fram kor viktig kollektivtransport er for å få ei god utviklinga av lokalsamfunnet. Andre tema som vart trekte fram i samtalen var landbruk, bustadprofil, idrett, parkeringsplassar og tilbod retta mot ungdom. Det vart peika på at overgangen frå fiskarbondesamfunnet til industrisamfunn i Ågotnes-området skjedde såpass seint som i 1970-åra.

Kreativt verktøy

Ein av dei 18 medlemene i plansmia Ågotnes er Ronny Haufe. Haufe er Chief Operation Officer på Coast Center Base og har ansvar for eigedom og forretningsutvikling.

- Eg opplever arbeidet i plansmia som positivt, inkluderande og ope. Målet er jo å involvera bebuarane, brukarane og dei tilreisande. Dette er ein kreativ måte å få alle til å vera med å påverka utviklinga av området, seier Haufe.

- Kan det verta mykje snakk og lite konkrete resultat?

- Uansett er det viktig for oss å vita korleis velforeiningar, idretten og andre ser på framtida for Ågotnes-området. Vi må spørja oss korleis kan vi utvikla oss i takt. Vi kan ha ulike utgangspunkt, men med til dømes verktøyet MyCity kan alle delta med å koma med synspunkt, ønske og idear, seier Ronny Haufe.

Ronny Haufe
Ronny Haufe

Dei 18 personane frå næringslivet, politikken og lag og organisasjonar var altså på plass på den andre samlinga i dag. Målet med plansmia er mellom anna å laga eit visjonsdokument. Arbeidet i plansmia byggjer på kommunedelplanen for Ågotnes som vart vedteken av kommunestyret i 2013.

Ungdommens kommunestyre (UKS) er representert ved Kaja Endresen Bertheussen. Ho imponerte forsamlinga då ho fortalde om korleis UKS arbeider med å utvikla ein logo for plansmia og arbeidet med framtida for denne delen av kommunen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå den andre samlinga i plansmia Ågotnes

Kenneth Bruvik


Publisert: 06.12.2016 13:32
Sist endret: 06.12.2016 13:49