Facebook ikon Twitter logo Print side

Populær ønskekonsert

Fredag 21. september var det duka for “Ønskekonserten” på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og servicesenter!

Musikkterapeutane hadde fått med seg Edvard Mjanger og Knut Olav Dypvik som akkompagnatørar.
Musikkterapeutane hadde fått med seg Edvard Mjanger og Knut Olav Dypvik som akkompagnatørar.

Konserten starta med "Bojarenes inntogsmarsj", som er kjenningsmelodien til radioprogrammet "Ønskekonserten". Musikkterapeutane på Fjell sjukeheim og Straume Bu- og servicesenter har laga ein eigen vri på "Ønskekonserten". Det er samla inn songønske frå bebuarar på alle avdelingane.

Dette førte til eit svært variert og spennande program; beståande av alt frå Finn Kalvik, Scandinavia, Nora Brockstedt, Tobben og Ero til Kurt Foss & Reidar Bøe. Saman med musikkterapeutane stilte Knut Olav Dypvik på gitar og vokal og Edvard Mjanger på bass og vokal. Med over 60 bebuarar og pleiarar i salen vart det ei stemningsfull start på helga.

Det vart vist bilete av dei ulike artistane bak låtane, og det vart utdelt songhefte som skapte stor allsongfaktor. Etter ein times konsert vart det trampeklapp og to ekstranummer; og det er avgjort at "Ønskekonserten" må det bli meir av i tida framover!

Her er fleire bilete frå ønskekonserten:


Tekst: Guri Gjermstad Dypvik og Sandra Sognnes Thorstensen
Foto: Sandra Sognnes Thorstensen


Publisert: 24.09.2018 09:59
Sist endret: 24.09.2018 10:26