Facebook ikon Twitter logo Print side

Populært med Digg læring

200 lærarar, IKT-folk, skuleleiarar, samarbeidspartnarnarar og andre interesserte var i dag samla på Digg læring-konferanse på Knappskog skule. Det var mange vaksne som sat på skulebenken på Knappskog i dag.

Det var mange glade og entusiastiske elevar på skulebenken på Knappskog i dag.
Det var mange glade og entusiastiske elevar på skulebenken på Knappskog i dag.

Ifølgje ansvarleg for konferansen, lærar Ingvild Vikingsen Skogestad, handlar denne dagen om innovativ og framtidsretta læring. Denne konferansen er for alle, men ikkje minst for dei som ønskjer å koma i gang med digital undervisning.

- Vi er svært godt nøgde med over 200 deltakarar på konferansen. Her er mange lærarar og andre interesserte. Fleire frå fagavdelinga i Bergen kommune har delteke på konferansen. Vi ønskjer å dela med andre og seier ja til skulebesøk og utleige av ressurspersonar til kompetanseheving, seier Vikingsen Skogestad.

I dag er Digg læring knytt opp mot Knappskog skule. Knappskoglæraren ser gjerne at prosjektet kan koma opp på eit «kommunalt nivå».

I tillegg til presentasjonar frå Knappskog skule, var det utstillingar og arbeidsgrupper leia av samarbeidspartnarane. Mellom anna var det begynnaropplæring med nettbrett, koding og skaparverkstad.

Både varaordførar Tom Georg Indrevik, leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, og skulesjef Wilhelm Anglevik var innom konferansen i dag.


Dei "eigentlege" elevane på Knapppskog var også i sving på konferansen i dag. Foto: Silje Ulveseth, VNR.

Det er etablert samarbeid med 10 aktørar. Dette er Kikora, Creaza, Gyldendal, Fagbokforlaget, Lesemeister, Campus, Transporder, IKT-senteret, MV-Nordic og Kunnskap).

Les meir på : http://www.digglaring.no

Her er fleire bilete frå konferansen:

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Silje Ulvesth/Vigleik Brekke


Publisert: 18.01.2018 16:13
Sist endret: 18.01.2018 16:21