Facebook ikon Twitter logo Print side

Positiv til samarbeid om barnevern

Komité for drift og forvaltning (KDF) ønskjer at Fjell kommune inngår samarbeid med Sund kommune om barneverntenesta. Komité for drift og forvaltning innstiller overfor kommunestyret at kommunen godkjenner ein avtale om vertskommunesamarbeid (kommunelova § 28-1e) mellom Sund og Fjell kommunar.

I midten av desember flytta barneverntenesta inn i nye lokale i Sartor Storsenter på Straume.
I midten av desember flytta barneverntenesta inn i nye lokale i Sartor Storsenter på Straume.


I innstillinga frå møtet i dag heiter det at overføring av barneverntenesta frå Sund til Fjell i form av vertskommunesamarbeid vert definert som verksemdoverdraging. Avtalen vil innebera at barnevernsleiaren i Fjell, med verknad frå 1. mai 2017, vert peika ut som barnevernsleiar for Sund kommune.

Bakgrunnen for saka er at Fjell kommune har motteke ein førespurnad om å vera vertskommune for Sund kommune sine oppgåver etter lov om barnevernstenester. Sund kommune ønskjer å bli del av eit større fagmiljø for å kunna utføra desse oppgåvene på ein best mogeleg måte.

Saka går til sluttbehandling i kommunestyret i slutten av januar.

Rår til å forskottera spelemidlar

Komitéen vedtok at Nest-Sotra får 788 tusen kroner i forskottering av spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekke på banen i Skålvika (11-erbane). Det vert lagt til grunn ein avtale der det går fram at venta spelemiddeltilskot på 788 tusen kroner i sin heilskap går til Fjell kommune.

Total kostnad for rehabilitering av anlegget er om lag 2,37 millionar kroner. Nest Sotra fekk ikkje godkjent spelemidddelsøknaden i 2015 på grunn av manglande finansiering. Restfinansiering er no på plass. Tilsegn om spelemiddeltilskotet vil tidlegast koma i 2019. Det er medlemene i Nest-Sotra som utfører drift og vedlikehald av bana.

Andre saker i KDF den 17. januar

  • Detbatthefte KS, mellomoppgjer
    Komitéen slutta seg til rådmannen sine vurderingar i saka, med tre endringar. Mellom anna skal uttalen gje meir informasjon om «Muligheten» og tilbode som vert gjevne der.
  • Vertskommunesamarbeid med Askøy, Sund og Øygarden om barnevernsvakt
    KDF godkjente den framlagte samarbeidsavtalen om barnevernsvakt mellom Fjell, Sund og Øygarden. Komitéen tok avtale om samarbeid mellom Askøy og Fjell kommunar om barnevernsvakt til orientering. Saka går vidare til kommunestyret for endeleg behandling.
  • Salsløyve for alkohol
    Komitéen rår kommunestyret til å gje salsløyve for alkohol gruppe 1 til Bunnpris Ågotnes (verksemdoverdraging).

Før behandlinga av sakene tok til, var det orientering om Aktiv Fjell, rapport om levekår og studietur til Oslo.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Publisert: 17.01.2017 20:52
Sist endret: 17.01.2017 20:57