Facebook ikon Twitter logo Print side

Presenterer forslag til tiltak mot rusbruk

Ei arbeidsgruppe i Fjell kommune som har kartlagt utfordringar knytt til ungdom og rus, føreslår mellom anna at det vert oppretta eit ungdomsteam. Teamet er føreslått samansett av helse- og sosialfagleg personale med tett samarbeid med politi og skule.



Bakgrunnen for oppretta eit arbeidsgruppe var varsling frå politiet i januar i år om aukande rusutfordringar blant ungdom i Fjell. I ein fersk prosjektrapport går det fram at ungdom i større grad enn tidlegare vel å bruka illegale rusmidlar og at tilgang til illegale rusmidlar er ein medverkande årsak til dette.

Arbeidsgruppa meiner at hovudtiltaket må vera å hinda utanforskap som startar i tidleg barndom og ar inkludering i barnehage og skule og bygging av ei sterk og positiv sjølvkjensle er den beste vaksinasjonen mot å utvikla rusbruk.

Ungdomsteamet er føreslått samansett av lege, SLT-ressurs, erfaringskonsulent, LOS-tenester, miljøterapeutisk personell for individuell- og familieoppfølging. Arbeidet må vera retta inn på både individ- og systemnivå med primær- og sekundærførebyggjande tiltak.

Hovudutfordringar

Arbeidsgruppa meiner at i det i arbeidet med oppfølging av rapporten er det ei rekkje hovudutfordringar. Det er nødvendig med systematisk og målretta arbeidet i barnehage og skule for å hindra utanforskap så tidleg som mogleg. Den tverrfaglege kompetansen i barne- og ungdomsskule må aukast for å sikra tidleg oppdaging og rett inngrep/innsats. Viktige tiltak er mellom anna undervisning og haldningsskapande arbeid retta mot foreldre og barn for å styrkja inkludering, og auka sosisal kompetanse. Det er også føreslått at MOT-innsatsen startar i 5. klasse.

Prosjektansvarleg for prosjektrapporten er rådmann Steinar Nesse. Prosjektleiar er leiar av barneverntenesta Bård Tyldum, medan Esther Vetås i barnevernenesta er prosjektkoordinator.

Her kan du lesa rapporten.


Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 19.06.2019