Facebook ikon Twitter logo Print side

Presenterte Knappskog skule på stor utdanningsmesse

Ingvild Skogestad presenterte i dag Knappskog skule på verdas største teknologiske utdanningsmesse i London. På Bett-konferansen deltek over 34 tusen deltakarar frå over 131 land, og over 850 leiande innovative selskap er til stades.

Ingvild Skogestad på scena.

Ein fullsett konferansesal fekk høyra Ingvild fortelja om korleis skulen har digitalisert undervisninga og endra den pedagogiske tilnærminga til elevane i klasserommet. Skulen har i år sendt fire deltakarar på konferansen; I tillegg til Ingvild deltok Monica Fjeldstad, Monica Berntsen og Øyvind Opheim Rise på messa. Skulen er stolt og gjort æra på av at Ingvild får høve til å presentera skulen på ein konferanse av slike dimensjonar.

Frå messa


Tekst: Odd-Erik Kjeldstad, rektor Knappskog skule


Sist endret: 25.01.2019