Facebook ikon Twitter logo Print side

Presenterte og drøfta bustadsosiale tiltak

I dag var Gjesdal kommune og Husbanken på besøk i Fjell. Tema var bustadsosiale tiltak. Mellom anna vart det gjeve informasjon korleis Fjell organiserer dette arbeidet gjennom bustadkontoret.

Kommunetoppar i Gjesdal kommune. Frå venstre; ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), rådmann Knut Underbakke og varaordførar Henry Tendenes (H).
Kommunetoppar i Gjesdal kommune. Frå venstre; ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), rådmann Knut Underbakke og varaordførar Henry Tendenes (H).

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy helsa dei 15 gjestene velkomne og informerte om både Fjell kommune og Nye Øygarden kommune. Ordføraren var saksordførar for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020.

- Situasjonen i Fjell var at 80 prosent av bustadene i Fjell var einebustader. Det vart utarbeidd ein plan for Straumeområdet der målet var å leggja til rette for tilpassa bustader for både unge og eldre. Det har vore ei utfordring å få unge i etableringsfasen til å etablera seg på Straume. Men når dei litt eldre sel einebustadene sine rundt om i kommunen, vert det tilgang på einebustader for dei som er i etablererfasen. Rådmannen om å få 100 millionar kroner til å kjøpa bustader og leggja til rette for at dei som leiger seinare kan eiga bustaden. Kommunestyret sa ja til dette, sa Sandahl Bjorøy.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy

Ordførar i Gjesdal, Frode Fjeldsbø, lytta interessert til måten Fjell har organisert dette arbeidet på. I går var delegasjonen frå rogalandskommunen på besøk til Lindås kommune i Nordhordland.

- I Gjesdal er vi no i startgropa for å laga ein bustadplan. Vi har samarbeid med Husbanken, men me har ikkje det omfanget av til dømes bruk av startlån som Fjell kommune. Vi ønskjer å verta flinke til å framskaffa bustader, og vi har noko å læra på dette området. Også for Gjesdal kan det verta aktuelt å oppretta eit bustadkontor slik Fjell kommune har gjort, seier Fjeldsbø som med den klingande bergensdialekten legg til at det er nokre få hundre fleire vinterfora sauer i Gjesdal enn innbyggjarar. Innbyggjartalet i Gjesdal kommune er knapt 12 tusen.

Kontroll over verkemidla

Rådmann Steinar Nesse viste til at Fjell kommune hadde 20-30 bustadlause før arbeidet med bustadsosiale tiltak for alvor skaut fart.

- Vi tok kontroll over verkemidla. Vi har eit mykje tettare samarbeid med Husbanken enn tidlegare. Vi har fått dreis på måla om å gå frå leige til eige. Det er billigare å eiga enn å leiga, sa Nesse.

Ordførar Frode Fjeldsbø lurte på om netto kostnader har auka med det store investeringsnivået.

- Eg trur ikkje netto kostnaden har auka for kommunen. Løn til dei tilsette på bustadkontoret vert dekt inn med husleige. Summa summarum går dette rundt, svarte rådmann Steinar Nesse.

12 politakarar og byråkratar frå Gjesdal kommune og tre representantar frå Husbanken møtte leiinga i Fjell kommune i dag.
12 politikarar og byråkratar frå Gjesdal kommune og tre representantar frå Husbanken møtte leiinga i Fjell kommune i dag.

375 omsorgs- og utleigebustader

Leiar av bustadkontoret i Fjell, June Johannessen, orienterte om arbeidet med framskaffing av bustader. Inklusive eit godt samarbeid med Fjell Bustadstifting, der Fjell kommune har tildelingsrett, er det lagt til rette for totalt 375 omsorgs- og utleigebustader der kommunen avgjer kven som skal bu i bustadene. Bustadkontoret i Fjell har seks årsverk.

- Ein av utfordringane var at fleire budde i mellombese bustader. I dette arbeidet handlar det om samarbeid og samhandling. Oppgåvene våre er anskaffing av bustader, tildeling av bustader og bruk av økonomiske verkemiddel. Ein viktig reiskap i dette arbeidet er den tverrfaglege bustadrettleiingsgruppa som har møte kvar tredje veke, sa Johannessen.

Viktige samarbeidspartnarar er Husbanken, Fjell Bustadstifting og NAV (gjeldsrådgjeving, depositumsgaranti og mellombels bustad). I 2015 (før bustadkontoret var etablert) formidla Fjell kommune 7,5 millionar kroner i startlån frå Husbanken (44 søknader). I 2018 var omfanget av startlån auka til 67,9 millionar kroner (200 søknader).

På møtet understreka representantane frå Husbanken at etablering av bustadkontoret var nøkkelen til at det bustadsosiale arbeidet har fungert slik det gjer.

Dei 12 gjestene frå Gjesdal kommune og dei tre frå Husbanken fekk etter samlinga i komitésalen synfaring på Straumehaugen (Straume) og ROP-huset (ROP: rus og psykiatri) på Søre Bildøyna.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå besøket:

Steinar NesseFrode FjeldsbøJune JohannessenDelegasjonen besøkte mellom anna Straumehagen.

 

 


Sist endret: 26.03.2019