Facebook ikon Twitter logo Print side

Presenterte Sykkel-VM for næringslivet

Peer Gynt-salen i Grieghallen var nesten fullsett i dag då representantar frå næringslivet mellom anna fekk møta Thor Hushovd, sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen og TV2-reportar Johan Kaggestad. Administrerande direktør i eventbyrået Possibility AS, Harold Sletten, presenterte ei rekkje «billettpakkar» for den store sykkelfesten i september.

- Thor Hushovd (biletet) har mykje av æra for den auka interessa for sykkelsport har i landet, sa Johan Kaggestad på storsamlinga for Sykkel-VM i Grieghallen i dag.
- Thor Hushovd (biletet) har mykje av æra for den auka interessa for sykkelsporten her i landet, sa Johan Kaggestad på storsamlinga for Sykkel-VM i Grieghallen i dag.


- 90 prosent av publikumsplassane er gratis, understreka Harold Sletten overfor dei 600 frammøtte då han presenterte de ulike sonene, billettar og alt det andre næringslivet kan «ausa av» i ei rekkje tilbod knytt til Sykkel-VM.

Sykkel-VM går av stabelen 16. - 24. september, og her i regionen er Øygarden og Fjell medarrangør. To av ritta, 23. og 24. september, startar i Øygarden og går vidare gjennom Fjell før avslutninga i Bergen.

Sartor Senter satsar på Sykkel-VM

Ein av dei som var til stades i dag var Thomas Skålnes. Han er direktør i Sartor Storsenter og representerer også Sotra Kystby.

- Vi har fått gjennomslag for at løypene dei to siste dagane i meisterskapen går innom Sartor Storsenter. Vi skal inngå formell avtale med Bergen 2017 om ei rekkje aktiviteter. Det er viktig å få ei heilskapleg inntrykk av Sykkel-VM. Difor var det viktig å vera til stades her, sa Skålnes etter det to timar lange programmet i dag.

Sotra Kystby er tenkt som ein paraply for det som skjer i fansona på Straume. Andre aktørar vert inviterte til samarbeid om sykkelfesten. Dei to andre sonene i regionen vår er Kolltveit, Ågotnes og Rong (startområde).

Thomas Skålnes
Thomas Skålnes

I dag starta det heile med at sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen orienterte om kor store dimensjonar denne meisterskapen har. Med sju tusen akkrediterte, 300 millionar TV-sjåarar og 1 500 – 2 000 frivillige, er dette eit svært stort arrangement. Han understreka at det ikkje berre handlar om Bergen.

- Heile kystlandskapet vert vist for publikum og verda. Dette er ein viktig bit for oss, sa Tiedemann Hansen.

Sykkelstjerna Thor Hushovd understreka at VM-medalje er noko av det største ein kan vinna som syklist. Sjølv vart han verdsmeister i 2010 i Geelong i Australia.

- Eg er sikker på at det vert ein stor fest. Ta med familien og inviter folk til byen! Dette vert garantert ein sykkelfest og kamp om medaljane, sa Hushovd.

Les meir på nettsida til Bergen 2017. Her kan du også finna dei ulike tilboda på billettpakkar».

Her er fleire bilete frå arrangementet:

Johan KaggestadHarald Tiedemann Hansen

 



Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 17.01.2017 16:35
Sist endret: 17.01.2017 16:46