Facebook ikon Twitter logo Print side

Prioriterer barnehage, skule og tiltak mot rus

Regjeringa presenterte i dag framlegg til revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen for 2018 (kommuneopplegget). I kommuneproposisjonen er det lagt opp til ein vekst i samla inntekter på mellom 4,3 og 5,3 milliardar kroner.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)

Regjeringa legg opp til ein realvekst i dei samla inntektene i kommunesektoren i 2018 på mellom 3,8 og 4,3 milliardar kroner. Av desse er det lagt inn 300 millionar kroner til opptrappingsplan for rusfeltet, 200 millionar kroner til tidleg innsats i barnehage og skule og 200 millionar kroner er grunngjeve med tiltak for barn, unge og familiar. Dette er satsingar regjeringa prioriterer innanfor psykisk helse, rus og opptrappingsplan mot vald og overgrep. Midlane vert overførte i ramma, og det vert opp til kommunane i kva grad dei vil følgja desse prioriteringane.

Her kan du lesa framlegga frå regjeringa.

- Lågare lønsvekst fører til lågare vekst i skatteinntektene til kommunesektoren. Samanlikna med saldert budsjett 2017 er anslaget på inntektene for kommunesektoren (for 2018) justert ned med 850 millionar kroner, skriv Kommunaldepartementet i proposisjonen.

- Vanlegvis budsjetterer kommunar og fylkeskommunar med skatteanslaget frå regjeringa. Nå ligg det altså an til at inntektene vert lågare enn budsjettert, skriv Kommunal Rapport.

I kommuneproposisjonen går det også fram at anslaget for lønnsveksten i 2018 er justert ned frå 2,7 til 2,4 prosent.

Revidert nasjonalbudsjett (2017)

I framlegg til revidert nasjonalbudsjett (2017) viser regjeringa til ekstramidlane som allereie er løyvd til fleire barnehagelærar (statsbudsjettet for 2017). Heilårseffekten av desse midlane er 413 millionar kroner. Regjeringa ønskjer at midlane skal nyttast til å auka krava til kompetanse i barnehagane i form av skjerpa krav til pedagogisk bemanning.

Regjeringa set av 125 millionar kroner til IKT-prosjekt i kommunane.
- Dette skal gje raskare digitalisering i kommunesektoren. Målet er å skapa ein enklare kvardag for innbyggjarar, næringsliv og frivillige organisasjonar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

God økonomi og lokal handlefridom gjev best velferd, meiner KS

- Det er bra at regjeringa understrekar at gode velferdstenester er avhengige av både ein sunn kommuneøkonomi og eit godt lokaldemokrati, seier styreleder i KS, Gunn Marit Helgesen i en kommentar til kommuneproposisjonen for 2018.

 


Publisert: 11.05.2017 14:27
Sist endret: 11.05.2017 14:32