Facebook ikon Twitter logo Print side

Prioriterte søknader om tilskot mot barnefattigdom

Komité for drift og forvaltning (KDF) vedtok i går å prioritera Opplevelseskortet, Basecamp og Way Forward sine søknader om tilskot til tiltak mot barnefattigdom. Det kom inn tre søknader, og komitéen prioriterte i same rekkjefølgje som i fjor.

Med Opplevelseskortet kan ein mellom anna besøkja Vil Vite Sotra.
Med Opplevelseskortet kan ein mellom anna besøkja VilVite Sotra.


I fjor vart det løyvd 600 tusen kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til dei tre søkjarane. Fjell kommune fekk 150 tusen kroner til Opplevelseskortet. Kortet vert delt ut til barne og unge mellom seks og 16 år som er råka av barnefattigdom. Kortet sikrar dei gratis inngang til ulike kulturtilbod. Basecamp vart tildelt 250 tusen kroner til «Sommar for alle», medan Way Forward fekk 200 tusen kroner til «Frå gata til idrett». Etter at kommunen no har prioritert mellom søknadene, går saka til endeleg behandling i Bufdir.

Gjev gratis skuleskyss

Komitéen vedtok at ungdomsskuleelevar som bur på Ekrhovda skal få fri skuleskyss fram til Fjell ungdomsskule. Det vart også vedteke at elevar som bur sør for Bjorøy skule i retning Tyssøyna skal få fri skuleskyss. Også elevar i første til fjerde klasse på Landro skule som har Landrodalen som skuleveg skal få gratis skuleskyss. Bakgrunnen for vedtaka i dei tre sakene er at dei nemnde vegstrekningane vert rekna som «særleg farlege eller vanskelege som skuleveg» for dei aktuelle klassetrinna. Komitéen slutta seg dermed til rådmannen sine vurderinga i desse tre sakene.

Elevane busett på Ekrhovda går på Fjell ungdomsskule, men dei bur i underkant av fire kilometer frå skulen. Fire kilometer er grensa for å få fri skuleskyss. Foreldra meiner at det er stor trafikk og vegen er smal og uoversiktleg forbi Døsje. Dei meiner at strekninga må reknast som særleg farleg eller vanskeleg og at det dermed må gjevast fri skulekyss for elevane som går på ungdomsskulen. På bakgrunn av dette vedtok komitéen at ungdomsskuleelevar som bur på Ekrhovda og har under fire kilometer til skulen, får fri skuleskyss.

FAU ved Landro skule har bedt om ny vurdering av skulevegen frå Vindenes via Landrodalen til Landro skule. Det vert vist til at vegen er smal, svingete og manglar fortau. Fleire foreldre køyrer barna til skulen, og dette gjer strekninga endå meir trafikkfarleg. Komitéen vedtok at elevar frå første til fjerde klasse, som har Landrodalen som skuleveg, får fri skuleskyss året rundt.

FAU på Bjorøy skule har bedt om ny vurdering av skulevegen mellom Tuyssøyna og Bjorøyna. Det vert vist til stadig auka trafikk og at vegen er smal, svingete og uoversiktleg. Det vart vedteke at elevar frå femte til sjuande klassetrinn, som bur sør for skulen i retning Tyssøyna, får fri skuleskyss til og frå undervisninga i perioden etter haustferien og fram til skulevinterferien.

Andre saker i komité for drift og forvaltning den 7. februar

  • Forskrift med kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns teneste.
    Komitéen vedtok å senda høyringa til eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og kommuneadvokaten til uttale før saka kjem tilbake til KDF som gjev tilråding til kommunestyret.

  • Uttale til høyringa - Endringar i forskriftsføresegner til avsluttande prøver i
    norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
    Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen.

  • Framlegg til endring i SFO-vedtektene, f.o.m. hovudopptak våren 2017.
    Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen. Ei av endringane i vedtektene er at det vert innført søskenmoderasjon på tvers av barnehage og skule. Det vert også opna for å gje redusert betaling for familiar med dårleg økonomi.

  • "Mangfald og fordjupning" - ny rammeplan for kulturskulen i Fjell
    Komitéen godkjende rammeplanen, men vedtok eit tillegg der det heiter at planen legg til grunn opprusting av lokalitetar som krev løyvingar i årlege budsjett. - Dette vil ein koma tilbake til, heiter det i vedtaket.

  • Val av delegatar til årsmøte og konferanse i Norsk kulturskuleråd-Hordaland -
    16.-17.03.2017.
    Komitéen valde avdelingsleiar i Fjell kulturskule, Roger Martin, og lærar vald av lærarstaben på kulturskulen til delegatar. I tillegg er det aktuelt at ytterlegare to andre personar kan representera Fjell kommune på årsmøtet og konferansen.

  • Sals- og skjenkekontrollar 2016, oversikt
    Oversikta vart teken til orientering.

  • Uttale - til forslaget om oppheving av kravet om tilvising for å få rett til stønad
    til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut.
    Komitéen slutta seg til uttalen utforma av rådmannen.

  • Høyringsuttale - forslag til forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon
    i barnehagar.
    Også her slutta komitéen seg til innstillinga frå rådmannen.

  • Fordeling av investeringsmidlar til standardheving og rehabilitering bygg 2017
    Denne saka vart behandla for lukka dører. Den økonomiske ramma for investeringsmidlar er 18 millionar kroner. I tillegg til lista over aktuelle tiltak, vart det lagt til uteområde i barnehagar.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Publisert: 08.02.2017 08:51
Sist endret: 08.02.2017 08:59