Facebook ikon Twitter logo Print side

Prosjekt «Nye Øygarden kommune»

I «Ansleisveka» vår dette skuleåret har vi starta med eit prosjekt vi har kalla «Nye Øygarden kommune». Fram mot kommunesamanslåing i år 2020 skal vi lære mykje om dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, som skal bli vår nye kommune.

Elevane har denne veka blant anna fått lært om kommunehistorie, hatt kunstprosjekt, 7.trinn har besøkt fiskebåten M/S «Endre Dyrøy» og fått høyre om lokal sjøfart i gamle dagar, heile skulen har fått servert tradisjonsrik heimelaga fiskesuppe og alle har vert på tur til Pyttane og fått sett utover Nye Øygarden kommune. Dette er berre noko av alt som har føregått og føregår denne veka på Brattholmen skule. I tillegg har vi hatt besøk frå 5. og 6.trinn på Foldnes skule. Dei skal gå på Brattholmen skule neste år. Vi gler oss!

Fleire bilete

Tekst: Anja Solli, rektor
Foto: Brattholmen skule


Publisert: 15.06.2018 08:15
Sist endret: 15.06.2018 08:20