Facebook ikon Twitter logo Print side

Psykisk Helsedag for ungdomsskulane i Sotra Arena, 25. oktober!

Dette er ei årleg markering for alle ungdomsskuleelevane i kommunen der vi markerer Verdsdagen for psykisk helse. Temaet for verdsdagen i år var Ver Raus! Målet med arrangementet er å markere at vi alle har ei psykisk helse, og å gi ulike vinklingar på korleis ta best mogleg vare på den.

Arrangementet har blitt til i eit samarbeid mellom kommunepsykologane, ungdomsskulane, TAM/NJFF og MOT. Det er Helsesjefen som sponsar arrangementet. Vi har også fått midlar frå Mental Helse til å hente inn ein av finalistane frå Urørt 2017, Kald Flamme, som bidrog med fengande rap. Elevane har i år bidratt med filmar om rausheit, og flott underhaldning som blei framført på scena av modige ungdommar. Vi fekk høyre ulike tankar om rausheit frå representantar frå ulike organisasjonar; FRI (foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold) , Raude Kors, Norges Idrettsforbund og MOT. Ingrid Gundersen frå MOT losa oss trygt igjennom eit tett program.

Bilete


Publisert: 30.10.2018 11:00
Sist endret: 30.10.2018 12:34