Facebook ikon Twitter logo Print side

Radikalisering kan skje kvar som helst

To hundre deltakarar fekk teikna eit realistisk bilete av kva som er stoda når det gjeld radikalisering og valdeleg ekstremisme då det denne veka var invitert til fagseminar i kultursalen i Fjell rådhus.

Tone Faale
Tone Faale

Leiar i PST Vest politidistrikt Øyvind Tenold snakka om nedkjemping av radikalisering og valdeleg ekstremisme generelt og i kvar grad det gjer seg gjeldande i vårt distrikt, medan SLT-koordinator Tone
Faale i Sarpsborg kommune gav deltakarane innblikk i kva erfaring kommunen har med at innbyggjarar i deira kommune har slutta seg til IS og kva tiltak som er sett i verk som følgje av dette.

Sjølv om Tenold i innlegget sitt konsentrerte seg mest om islamsk radikalisme, understreka han at PST ikkje ser vekk frå det faktum at det også eksisterer høgreeksemisme. Ifølgje PST sitt terrortrusselbiletet er det ekstrem islamisme som representerer den største trusselen.

- Radikalisering kan skje kvar som helst. Heile samfunnet har eit ansvar for at vi skal lukkast i arbeidet med nedkjemping av dette. Det er viktig å ha brei politisk forankring, sa Tenold.

Øyvind Tenold
Øyvind Tenold

Erfaringar frå Sarpsborg

SLT-koordinator Tone Faale sa at auka kompetanse, styrkt samhandling og dialog og støtte til sårbare og utsette personar er satsingsområde i Sarpsborg kommune. Ho viste til at det tidlegare var manglande kontakt med dei religiøse miljøa (moskeane). No er det oppretta dialogforum for kristne og muslimar.

- Vi legg vekt på å byggja bruer, og det vert arrangert møte i kvarandre sine hus (moskear, kyrkjer, rådhus og politistasjon), sa Faale som lista opp ei rekkje aktivitetar som høgstidsfestar for kvarandre, besøk på politistasjonen, brubyggjande fotballkampar, felles kronikkar, kyrkje- og moskévandringar og dialogsamling med politirådet. Ho understreka også at det er viktig å støtta personar og familiar som er i ein radikaliseringsprosess.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa i velkomsten til seminaret at førebygging, integrering og inkludering er viktige nøkkelord. Ho understreka at det ikkje berre er flyktningar og menneske frå andre land som let seg radikalisera.

- Det største terrorangrepet i Noreg, 22. juli 2011, vart gjennomført av ein person fødd og oppvaksen i Noreg. I ei tid der vald, truslar og terror vert meir og meir kjem fram, er det viktig å setja temaet på dagsorden, sa ordføraren.

Det var stor interesse for fagseminaret.
Det var stor interesse for fagseminaret.

Monica Pedersen og Kristoffer Møvik i avdeling for flyktningar og tenesteutvikling hjå Helsesjefen i Fjell gav informasjon om lokale tiltak. Dette arbeid er godt politisk og administrativ forankra. Kraftsenter for inkludering, sortert under Helsesjefen, vart etablert i april 2016. I dag er 20 personar knytt til dette senteret. I Fjell er det også etablert eit integreringsråd leia av rådmann og ordførar, 12 busette flyktningar er med i rådet og fungerer som ein viktig arena der kommunen vert kjent med kvardagen for dei som har flyktningbakgrunn.

Vil du vita meir om dette temaet, kan du mellom anna lesa Regjeringens handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Denne planen inneheld 30 konkrete tiltak mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Her kan du lesa trusselvurdering til PST 2017 (pr. 1februar).


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 27.04.2017 10:28
Sist endret: 27.04.2017 10:38