Facebook ikon Twitter logo Print side

Ønskjer ikkje å innføra forbod mot tigging

Med fem mot fire røyster går formannskapet imot å innføra forbod mot tigging i Fjell. Mindretalet gjekk inn for å ha med dette forbodet i framlegget til revisjon av politivedtektene. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

På møtet i dag røysta Arbeidarpartiet, KrF og Venstre (fem røyster) imot tiggarforbod, medan mindretalet, Frp, Høgre og Sotralista (fire røyster) røysta for tiggeforbod på, eller like ved offentlege stader som kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus. Utover usemja om tiggarforbod, samla formannskapet seg om framlegget til revisjon av politivedtektene.

Formannskapet er også innstilt på å fjerna ei formulering i paragraf tre der det var føreslått krav om at folk skal stilla seg i kø når folk samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad og liknande. Vedtektspunkta, som vert reviderte no, er avgrensa til Straume sentrum frå Straumsfjellet til Straumssundet. Vedtektene omhandlar tema som camping, kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd og ro og orden.

Kritisk til byvekstavtale

Formannskapet vedtok at formannskapet skal vera referansegruppe knytt til byvekstavtale for bergensområdet. Ordførar skal sitja i styringsgruppa, medan ordførar og plan- og eigedomssjefen vert medlem i administrativ forhandlingsgruppe.
Samferdsledepartementet har invitert Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Lindås og Os til å forhandla ein byvekstavtale for bergensområdet. Staten ønskjer å leggja til rette for samarbeid mellom dei viktigaste aktørane som kan hjelpa til ei areal- og transportutvikling som samsvarar med nullvekstmålet for persontransport med bil.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy deltok tidlegare i dag i ei politisk styringsgruppe for byvekstavtalen. Ho viste til at dersom kommunen skal vera med i ein slik avtale, er det fleire absolutte krav som må stettast. Dette er mellom anna krav om nullvekst for persontransport med bil og krav om at veksten skal skje i regionsentera. Ifølgje ordføraren er det mest alvorlege kravet knytt til arealplanlegginga. Dei som tok ordet på formannskapsmøtet var kritiske til krava for å vera med på ein slik avtale og gav ordføraren full støtte for å samarbeida med dei andre kommunane rundt Bergen som skal slå seg saman i arbeidet med avtalen.

Årsmelding og rekneskap

Formannskapet går inn for å godkjenna rekneskap og årsmelding. Rekneskapen er gjort opp med eit korrigert negativt netto driftsresultat på 14,9 millionar kroner. Det rekneskapsmessige meirforbruket (underskot) var på 9,7 millionar kroner etter bruk og avsetjing av fond. For 2017 er årsmeldinga presentert elektronisk og ikkje i trykt utgåve slik Fjell kommune har praktisert tidlegare.

Tilrår likt gebyr for tilsyn og feiing av fyringsanlegg

Det er innført ny forskrift om brannførebygging, og der går det fram at det er pliktig tilsyn og feiing av fritidsbustader. Denne saka omhandlar praktiske og økonomiske konsekvensar av den nye forskrifta for det nye selskapet Øygarden brann og redning.

I Nye Øygarden kommune skal det gjennomførast tilsyn og feiing med om lag tre tusen fritidsbustader. Det ligg føre tre modellar for gebyr; A) ulikt gebyr for bustad og fritidsbustad, B) gebyr sett opp mot behov og risiko og C) likt gebyr for alle med fyringsanlegg. Formannskapet slutta seg til tilrådinga frå rådmannen om å innføra likt gebyr for bustad og fritidsbustad. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Denne saka skal også til behandling i Sund og Øygarden kommunar.


Tekst::Vigleik Brekke


Publisert: 06.06.2018 17:24
Sist endret: 06.06.2018 17:33