Facebook ikon Twitter logo Print side

Rår frå å realisera plan på Ulveset

Rådmannen rår til at detaljreguleringsplan for Tveit på Ulveset ikkje vert godkjent. Fylkesmannen har fremja motsegn til planframlegget og grunngjev dette med at utbygging i området vil koma i strid med hovudgrepa i kommuneplanen sin arealdel. Komité for plan og utvikling (KPU) skal behandla saka den 29. august.

Foto: Stracon
Foto: Stracon

I planframlegget som no er klar for sluttbehandling, er det lagt til rette for oppføring av 20 bustadeiningar i eine- og tomannsbustader. Det er også lagt inn to leikeplassar, grøntareal, interne gangvegar og gang- og sykkelveg langs fylkesveg 205.

Fylkesmannen har altså fremja motsegn ved å visa til kommuneplanen om at det ikkje er nødvendig med nye bustadområde på Ulveset i planperioden. Han meiner også at ei utbygging i området vil koma i strid med målet om at tett utbygging skal skje langs kollektivaksane og i lokalsenter.Fylkesmannen og Fjell kommune kom ikkje til semje
i saka då ho vart drøfta i møte.

Rådmannen konkluderer med at motsegna er godt fundert i kommuneplanen sin arealdel, og finn det vanskeleg å koma med argument som talar for å gå imot motsegna. Han tilrår difor at motsegna vert teken til følgje og at planen ikkje vert godkjent.

Områderegulering på Vindenes

Rådmannen går også imot at Vacuri AS får starta opp områderegulering for Vindenes og endring av overordna plan. Førespurnaden vert lagt fram for politisk vurdering ettersom han ikkje er forankra i planstrategien eller kommuneplanen sin arealdel. Det er ønske om å leggja til rette for ei større bustadbygging på Vindenes, noko som medfører endringa av overordna plan. Rådmannen meiner at ein overordna plan av denne typen er ei offentleg oppgåve, og rådmannen vil ikkje på dette tidspunktet rå til privat start av områderegulering eller inngå eit samarbeid med ein privat aktør om å utarbeida områdeplan for Vindenes.

Plan for Espedalen

Rådmannen går inn for at Fjell Bustadstifting sitt planframlegg for utbygging på Espedalen på Kolltveit vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for bygging av 24 nye bustadeiningar i form a konsentrerte bustader med infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass. Planen inkluderer også to eksisterande einebustader.

Tilrår plan for ROP-hus på Søre Bildøyna

Det litt føre detaljreguleringsplan for ROP-hus på Søre Bildøyna, (ROP: Rus- og psykiske lidingar). Formålet med planen er å omregulera frå dagens formål til bustad, kontor og dagsenter. Planen er ei oppfølging av vedtaket i kommunestyret i september 2014 om kjøp av det tidlegare administrasjonsbygget til Indremisjonsforbundet. Rådmannen rår til at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Andre saker i komité for plan og utvikling

  • Mindre endring av reguleringsplan for Klyngetun, Midtre Fjell kommune
  • Drøftingssak: Gjennomgang av reguleringsplanar med motsegn, vidare behandling
  • Justering av delegasjonsreglementet etter endringar i plan- og bygningslova
  • To klagesaker

Før behandling av sakene, vert det orientering om flystøy og endringar i plan- og bygningslova.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.15.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 23.08.2017 15:34
Sist endret: 23.08.2017 15:38