Facebook ikon Twitter logo Print side

Rår til å byggja om Fjell sjukeheim

Komité for drift og forvaltning (KDF) tilrår samrøystes overfor kommunestyret at demensavdelinga på Fjell sjukeheim vert bygd om innanfor ei kostnadsramme på 15,1 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift.

Odd Arvikd Valvatne (Ap) la fram forslag på vegner av Arbeidarpartiet og Høgre.
Odd Arvikd Valvatne (Ap) la fram forslag på vegner av Arbeidarpartiet og Høgre.

Saka var til behandling i KDF i mai, men vart utsett for å få resultatet av ein anbodsrunde. I skisseprosjektet som ligg føre, er det gjort nokre endringar for å redusera kostnadene. Prosjektet vil framleis omfatta bygging av 10 sengerom til åtte litt større sengerom tilpassa arealkrava til Husbanken. Ei planlagd ombygging i somatisk avdeling er teken ut av prosjektet, medan sikring av resten av sjukeheimen med nytt sprinkelsystem framleis ligg inne i prosjektet. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Føreslår å dela ut 460 tusen kroner i kulturtilskot

Komitéen slutta seg til alle tilrådingane frå rådmannen om tilskot i fem tilskotsordningar. Det gjeld trivselsmidlar, nærmiljøanlegg, privateigde kulturbygg/forsamlingshus, humanitære organisasjonar og prosjekt- og arrangementstilskot. Det vart dermed tildelt totalt 460 tusen kroner. I tillegg kjem tilskot på totalt 270 tusen kroner som allereie er tildelt administrativt til lag og organisasjonar, song, musikk/ andre for 2019.

Her kan du lesa kva tildelingar som vart gjort:

Vil ettergje 25,6 millionar kroner i gjeld

I samband med økonomirapport 1. tertial, gjekk komiteen inn for å sletta 11 rentefrie og avdragsfrie lån til frivillige lag og organisasjonar på totalt 25,6 millionar kroner. I saka vurderer rådmannen det slik at låna ikkje kan innfriast og at låna difor bør slettast. I rekneskapet vert dette gjort som ei nedskriving av anleggsmidlane og ført mot kapitalkontoen. Dermed vil ikkje slettinga av låna ha resultatverknad eller føra til reduksjon i eigenkapitalen til kommunen. Den største enkeltlånet som vert sletta, om kommunestyret vedtek dette, er 13,6 millionar kroner til Straume Idrettspark.

Rådmannen hadde innstilt på å omdisponera 20,1 millionar kroner i investeringsbudsjettet for å finansiera utbygging av Liljevatnet skule, demensavdeling på Fjell sjukeheim og Foldnes skule (tilleggsløyving). Komitéen slutta seg til det, men etter forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre, endra komiteéen innstillinga frå rådmannen med å redusera IT-satsinga med to millionar kroner i staden for tre millionar kroner og å auka reduksjonen av trafikksikring Bildøyvegen frå 3,2 millionar kroner til 4,2 millionar kroner. Komitéen legg også inn to millionar kroner til vegutbetring på vestsida. Dette hadde rådmannen teke ut av investeringsbudsjettet.

Komitéen går vidare inn for at det skal gjerast ei kontinuerleg vurdering når det gjeld å erstatta tilsette som seier seg opp i ei stilling/funksjon som er del av dei lovpålagte tenestene innanfor områda helse- og omsorg, skule, og barnehage. Dersom krav til bemanningsnorm i skule og barnehage ikkje kan oppretthaldast, skal politikarane varslast snarast mogleg. Det skal også leggjast fram prosjektrekneskap over ferdigstilte prosjekt som referatsak til kommunestyret.

Endringsframlegget frå Arbeidarpartiet og Høgre vart vedteke samrøystes på alle punkta, med unnatak av punktet som gjeld omprioriteringar i investeringsbudsjettet. Dette punktet røysta Sotralista imot.

Trafikksikring mellom Straume sentrum og Sotra Arena

Komitéen slutta seg til innstillinga frå rådmannen om å godkjenna finansiering av etablering av nytt busstopp og kulvert. Ein del av avtalen er at Danielsen skule og Straume Forum skal finansiera og byggja eit busstopp på sørsida av Idrettsvegen ved avkøyrsla til skulen.

Prosjektet er pr. dato ikkje fullfinansiert. Lågaste pris etter anbod er 7,1 millionar kroner. Ordføraren har hatt møte med fleire bedrifter i området med sikte på å få til eit spleiselag. Det skal gjennomførast nytt møte. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Andre saker i KDF den 4. juni

  • Høyringsframlegg: Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022
    Komitéen vedtok å leggja temaplanen ut på høyring i seks veker.

  • Høyringsuttale - forslag til endringar i barnehagelova - ny regulering av private barnehagar
    Det vart vedteke å gje uttale til Kunnskapsdepartementet i samsvar med saksutgreiinga til rådmannen.

 
Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 04.06.2019