Facebook ikon Twitter logo Print side

Realistisk å oppnå balanse i økonomien i 2019

- Det må vera eit realistisk mål at Fjell kan gjera opp rekneskapen for 2019 i god balanse mellom utgifter og inntekter. Det skriv rådmann Steinar Nesse i økonomirapporten pr. 30. september. Kommunesturet behandlar rapportar for august og september som orienteringssak den 17. oktober.

Illustrasjonsfoto

I økonomirapporten for september skriv rådmannen at dei økonomiske tiltaka som er sett i verk frå i vår/sommar viser nedgang i avviket mellom budsjett og rekneskap. Stillingar står vakante gjennom heil Fjell-organisasjonen, innkjøp av varer og tenester er reduserte til eit minimum, og ingen reiser på kurs og konferansar utan at det er heilt nødvendig.

På bakgrunn av dette er avviket redusert frå 21 til 12 millionar kroner. Her er rekna inn inntektsføring av bundne fond på 7,5 millionar kroner, noko som motsvarer utgiftene som fonda skal dekka, men også etterbetalinga frå mai av lønsoppgjeret på omlag 15 mill. Lønsavsetjinga på halve beløpet er fordelt på sektorane.

I sum inneber dette at drifta har spart inn meir enn 15 millionar kroner på desse månadene, noko som er særs sterkt. Avviket mellom budsjett og rekneskap per 30. september på 12 millionar kroner for drifta åleine. Dersom ein reknar inn finanssida (+9 millionar kroner) og frie inntekter (+3 millionar kroner) er rekneskapen i Fjell no heilt i tråd med budsjett.

- Så no startar jakta på budsjettert underskot. Det må vera eit realistisk mål at Fjell kan gjera opp rekneskapen for 2019, som er den siste i kommunens historie, i god balanse mellom utgifter og inntekter, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Her er sakene til kommunestyret den 17. oktober

  • Drøftingssak - spørsmål om avvikling av Fjell kommunale pensjonskasse
  • Trafikksikring mellom Straume sentrum og Sotra Arena
  • Søknad om skjenkeløyve - Holy Cow Sartor Storsenter
  • Uttreden av selskapet Driftsassistansen i Hordaland - Vatn og avlaup IKS
    (DIHVA IKS)
  • Overføring av deltakarforholdet i Bergen og omland friluftsråd i samband med kommunesamanslåinga

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox


Sist endret: 10.10.2019