Facebook ikon Twitter logo Print side

Reduserer gebyret for vatn og avlaup

Kommunestyret vedtok på torsdag at abonnentane i Fjell får redusert gebyret for vatn og avlaup for fjerde termin. Kommunestyret vedtok å redusera sjølvkostfondet med 19 millionar kroner. Den praktiske konsekvensen av vedtaket vert at det ikkje vert kravd inn gebyr for fjerde termin i 2019.

Ill.foto
For fjerde kvartal 2019 slepp abonnentane å betala gebyr for vatn og avlaup. Foto: Colourbox

Bakgrunnen for saka er at FjellVAR AS har opparbeidd eit sjølvkostfond på 40 millionar kroner. Dette fondet skal jamna ut gebyrbelastninga som følgje av investeringar i kommunale vass- og avlaupsanlegg. Kommunesamanslåinga frå januar 2020 endrar føresetnaden for storleiken på fondet. På bakgrunn av dette vert det føreslått å redusera fondet slik at gebyra vert betre tilpassa overgangen til ny kommune. Tilknytingsgebyr vert fakturert som vanleg også for fjerde termin.

I saksutgreiinga skriv rådmannen at som følgje av store investeringar uavhengig av kommunesamanslåinga vert det lagt opp til at resten av fondet, 21 millionar kroner, vert oppretthalde.

Framleis underskot på drifta

Kommunestyret tok økonomirapport pr. 2. tertial til orientering. Rapporten er sluttført pr. 20. august, og dermed er han delvis basert på estimat. Resultatet viser eit meirforbruk på om lag 18 millionar kroner. Dette er om lag det same som etter første tertial, og rådmannen skriv at kostnadsveksten no truleg har stoppa opp. Han peikar likevel på at det er knytt uvisse til resultatet for dei fire siste månadene i avviklingsåret for Fjell kommune. Meirforbruket er i hovudsak knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå rådmannen om å redusera skatteanslaget med sju millionar kroner og auka rammetilskotet med eit tilsvarande beløp.

Sotralista føreslo å setja av inntil fire millionar 375 tusen kroner for å fullføra kulvert, busstopp og undergang på Idrettsvegen ved Danielsen barme- og ungdomsskule og finansiera dette med ubundne fond. Forslaget fekk åtte røyster (Sotralista, Frp og to uavhengige representantar) og fall.

Kommunestyret slutta seg samrøystes til eit forslag frå Høgre der det vert vist til trafikksikringstiltak mellom Straume sentrum og Sotra Arena. I vedtaket vert rådmannen beden om å koma tilbake med oppdatert sak til neste møte som inneheld verifiserte tal for eksterne bidrag og finansiering av prosjektet.

Vedtok temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 

Kommunestyret vedtok temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022 «Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell». I planen er det lista opp 67 prioriterte kulturminne og kulturmiljø og ein tiltaksplan på 17 punkt. KDF vedtok planen med nokre endringar.

Saksordførar Andreas Skjalg Unneland
Saksordførar Andreas Skjalg Unneland

Ved utarbeidinga av planen har ein hatt eit særleg fokus på den økonomiske gjennomføringsevna til kommunen. Det vert med få unnatak ikkje tilført friske midlar til tiltaka, og såleis er dei fleste tiltaka tenkt gjennomført innanfor budsjett (drift, investering og prosjekt). I saka om kulturvernmidlar i komité for drift og forvaltning på tysdag denne veka vart det vedteke å setja av 47 tusen kroner til tiltak som er oppført i kulturminneplanen. Rådmannen skriv i utgreiinga at han håpar at denne planen skapar meir føreseielege forhold når det gjeld forvaltninga av kulturminne. Det kom inn 16 merknader til planen.

På dei tre øvste plassane på tiltaksplanen står vurdering av tilstanden til Krotastova (Li), tilrettelegging på Høybøen (Vindenes) og kulturhistorisk analyse og moglegheitsstudie for Fjell gard.

Sotralista føreslo å leggja inn vern og sikring av demninga Storavatnet og Knarrvika, observasjonspost i Knarrvika og gamle skuletomta i marka på Landro gard i planen. Det vart ikkje vedteke å leggja inn dette i planen no, men at ein skal sjå på dette i det vidare arbeidet med planen.

Saksordførar Andreas Skjalg Unneland (SV) orienterte om planen.

- Dette er første og siste kulturminneplan i Fjell kommune. Eg er svært stolt over planen. Planen set punktum for Fjell kommune, men vi set ikkje punktum for historia til Fjell kommune. Her får vi eit høve til å fortelja historia, sa Andreas Skjalg Unneland.

Dei kommunestyrerepresentantane som tok ordet, var svært godt nøgde med planen og gav mykje ros til saksordførar og dei som har arbeidd med planen.

Parkeringstilhøva ved institusjonar på Straume

Kommunestyret tok erfaringsgrunnlaget/evalueringa av nytt parkeringstiltak ved Straume helsesenter, Straume terapisenter og Øygarden lokalmedisinske senter (LMS), til orientering. Parkeringsløysinga, med leige av fire elektroniske tavler til fem tusen kroner pr. månad er finansiert gjennom investeringsbudsjettet til Servicetorgsjefen og fungerer fram til eventuell ny parkeringsløysing vert vedteken av nytt kommunestyre.

Skjenkeløyve

Etter ein engasjert debatt vedtok kommunestyret å gje Bergen Gokartsenter AS vanleg skjenkeløyve til alkoholservering. Løyvet gjeld i eigne møtelokale for lukka selskap skilt frå gokartbanen. Vedtaket vart gjort mot åtte røyster.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 29.08.2019