Facebook ikon Twitter logo Print side

Redusert folkevekst i Fjell

Folketalet i Fjell auka med 28 personar første kvartal 2019. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Veksten er vesentleg lågare enn tilsvarande periode i fjor då folketalet auka med 89 personar dei tre første månadene.

Illustrasjonsfoto

Første kvartal utgjorde fødselsoverskotet (fødde minus døde) 26 personar medan nettoinnflytting (inkludert inn- og utvandring) berre utgjorde to personar. Dette er den lågaste nettoinnflyttinga sidan andre kvartal 2009, då nettoinnflyttinga var negativ. Negativ nettoinnvandring, og lågt fødselsoverskot er hovudårsakene til låg folkevekst dette kvartalet, viser oversyn utarbeidd av Plan- og eigedomssjefen.

Ill.

Dei siste 12 månadane har folketalet i Fjell kommune auka med 1,5 prosent. Til samanlikning har folketalet i heile landet auka med 0,6 prosent på same tid. Fjell kommune har framleis høg vekst samanlikna med resten av landet, men vekstraten det siste året har vore noko lågare enn venta. Vekstraten i Sund er 0,1 prosent, medan veksten i Øygarden er 0,4 prosent.

Fjell kommune har i mange år fått veksttilskot ettersom veksten i kommunen har vore vesentleg meir enn 1,4 prosent som er grensa for å få slikt veksttilskot.

Ill.: Kristina Espeseth

 


Sist endret: 20.05.2019