Facebook ikon Twitter logo Print side

Regjeringa sender bompengesaka til Stortinget

I dag sende regjeringa stortingsproposisjonen om Sotrasambandet (riksveg 555) over til behandling i Stortinget. Utbygginga, som er kostnadsrekna til om lag 10 milliardar kroner, vert gjennomført som eit OPS-prosjekt (OPS: Offentleg-privat-samarbeid).


Skisse: Statens vegvesen

Ordførar Marianne Sandhal Bjorøy er glad for at saka om Sotrasambandet no vert sendt til behandling i Stortinget.

- No håpar vi at saka kan behandlast i Stortinget tidleg i vår. Dermed ligg det til rette for at anbodsdokumenta for OPS kan sendast ut så raskt som mogleg, seier Marianne Sandahl Bjorøy. Forventa start for prosjektet er hausten 2020, medan sjølve brua er ferdig i 2024. Inklusive tilførselsvegar reknar ein med at prosjektet er sluttført i 2026.

Ifølgje regjeringa skal det arbeidast for å sikra betre mobilitet og mindre kø i kvardagen. Samferdsleministeren seier at entreprenøren vert tettare og tidlegare involvert i eit OPS-prosjekt.

- Det vil medverka til eit betre prosjekt. Prosjektet er omfattande og regjeringa vil ha sterk merksemd på kostnadskontroll i det vidare arbeidet. Med ein årsdøgntrafikk i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det store køproblem også for kollektivtrafikken. Sotrabrua er smal og utan tilfredsstillande tilbod for gåande og syklande, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Fakta om prosjektet

Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fylkesveg 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fylkesveg 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg. Brua blir om lag 950 meter lang, med eit hovudspenn på om lag 590 meter. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet.

Totalt er det planlagt å byggja om lag 14 km gang- og sykkelvegar, med 7,8 km som høgstandard-løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil gå saman med annan trafikk mellom Kolltveit og Bildøyna, på opprusta lokalveg mellom Bildøyna og Straume, og på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det blir lagt til rette for kollektivfelt langs ny hovudveg i retning Bergen på delar av strekninga mellom Valen og Storavatnet. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den nye brua kjem i same trasé som der høgspentlinja over fjorden mellom Bergen og Fjell går i dag. Før ein kan byggja ny bru til Sotra, må denne høgspentlinja flyttast.
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar både ved ny og eksisterande bru. Bompengeinnkrevjinga vil halda fram i 20 år og startar når brua opnar. Truleg vert anleggstart på OPS-delen av prosjektet andre halvår 2020. (Kjelde til fakta:: Regjeringa.no).

Bompengar

Bompengetaksten for små køyretøy (under 3 500 kilo) er 50 kroner (kvar veg) med høve til inntil 20 prosent rabatt ved avtale med bompengeselskapet. Bompengane vil primært bli nytta til å betale for tilgjengelegheit gjennom ein fast årleg sum i driftsperioden på 25 år, dvs. i bompengeperioden på 20 år og ytterlegare fem år. Denne er estimert til 300 – 340 millionar kroner per år i nominelle kroner. I tillegg er det rekna med eit bidrag til milepelsutbetalinga på 1,1 – 1,3 milliardar kroner i 2018-prisnivå.

- Samanlikna med ordinær gjennomføring vil dermed låneopptaket og rentekostnadene for bompengeselskapet bli lågare ved gjennomføring som OPS-prosjekt. Dette fører til at med same takstnivå vert bompengebidraget til prosjektet større ved gjennomføring som OPS-prosjekt enn ved ordinær gjennomføring, skriv regjeringa i stortingsproposisjonen


Tekst: Vigleik Brekke

 

 

 


Publisert: 16.02.2018 13:20
Sist endret: 16.02.2018 14:09