Facebook ikon Twitter logo Print side

Reglar for open brenning i Fjell

Vi er no inne i ei årstid der brannfaren er stor. Det er klare reglar for open brenning i Fjell. I tettstader og bustadfelt er det totalforbod mot open brenning. På heimesida til Fjell kommune finn du kart som viser kvar det er forbode mot open brenning.

Illustrasjonsfoto

Sjå flyfoto med kart her.

I Fjell kommune er det eiga forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar. Rådgjevar hjå Plan- og utbyggingssjefen, Erik Schult, seier at på nettsida er det god informasjon om dette.

- Definisjonen på open brenning er all brenning som skjer utandørs. Det er likevel nokre unnatak. Det er til dømes lovleg å tenna grill, utepeis og kaffibål. Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap på gardsbruk er lovleg. Det same gjeld bråtebrenning og brenning tørt hageavfall utanfor tettstader og bustadfelt, seier Schult.

Alternativet til bålbrenning i tettstader og bustadfelt er å levera å avfallet på gjenbruksstasjonen. Det også mogleg å bruka flisekvern.

Les lokal forskrift her. Det er også laga kommentar til forskrifta som som gjev utdjupande informasjon.

Hugs at brot på forskrifta kan medføra straffeansvar.


Publisert: 20.04.2017 11:14
Sist endret: 20.04.2017 11:18