Facebook ikon Twitter logo Print side

Reisecaféen «reiser» til Amerika!

Fredag føremiddag var det duka for reisecafé i kantina ved Straume bu og servicesenter og Fjell Sjukeheim!

Det var stas å køyra med dollarglis.
Det var stas å køyra med dollarglis.

Det er to år sidan idéen om å arrangere reisecafé ble iverksatt, og sidan då har det vorte arrangert mellom anna fransk, trøndersk, svensk, italiensk og engelsk kafé. Som den tiande i rekka har vi i dag reist helt til Amerika. Med storslått oppmøte på ca. 65 gjestar og fengande tonar frå Reidar Sakseide, Arve Opsahl og Oddvar Fjæreide, blei det god atmosfære i kantina. Amerikanske donuts blei servert av 6 flotte lokale frivillige. Cafèen blei toppa med 7 amerikanske glis ute på plassen! Trivelege karer fra AmCar Askøy fylte bilane sine opp og inviterte til ein køyretur i nydeleg haustsol.

Det var topp stemning før køyreturen tok til.
Det var topp stemning før køyreturen tok til.

Fysioterapeut Darko stilte til rådigheit for å hjelpe til i forflytting; slik at alle som ynskja fekk moglegheit for ein køyretur. Reisecaféen er eit konsept som blei satt i gong av musikkterapeut Guri Gjermstad Dypvik på Fjell sjukeheim. Alle reisemåla er basert på bebuarane sine ynskjer. Caféen skal væra eit tematisk, sosialt møtepunkt i hverdagen. I dag var det inga unntak; mange eldre kunne fortelje om sine reiser til Amerika og om familie og vener som utvandra over havet! Samtalane satt laust.

Reisecafèen er støtta av "Nasjonalforeningen for folkehelse"; og er eit samarbeid mellom Demensforeininga i Sund, Fjell og Øygarden og lokale frivillige.

Allereie neste fredag skal det arrangerast spansk café, og i oktober reiser me til Danmark!

Tekst: Sandra Sognæs Thorstensen
Foto: Sandra Sognæs Thorstensen og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:


Publisert: 31.08.2018 15:07
Sist endret: 31.08.2018 15:17