Facebook ikon Twitter logo Print side

Reisecafèen til 60-tallet

I dag har me reist tilbake til det gyldne 60-tal! Samtalane sat laust rundt borda, og me har tatt for oss hendingar for kvart år på sekstitalet! Med hjelp av bilete på borda, har me mimra godt.

Frå reisekaféen i dag.
Frå reisekaféen i dag.

I 1960 knuste Knut «Kuppern» Johannesen verdsrekorden på 10 000 meter under OL! Året etter blei John F. Kennedy sett inn som president i USA. I 1962 nådde Nordlandsbanen Bodø. I 1963 fylte Kong Olav heile 60 år! The Beatles skapte hysteri på sine turneer i 1964, og i 1965 gikk Einar Gerhardsen av som statsminister (etter heile 17 år!). 1966 var året då SVENSKANE reiste på harrytur til NORGE fordi sukker og smør var billigere her til lands!. 

I 1967 innførte moteikonet Twiggy nye ideal til hvordan ein kvinnekropp skulle sjå ut (syltynn og alvorleg!). I 1968 forlova Kronprins Harald seg med sin Frøken Sonja Haraldsen (vi feira det med låta «congratulations»). Og sist men ikkje minst; i 1969 fann boreplattformen Ocean Viking olje i Nordsjøen OG amerikanerne landa på månen!

Musikkterapeutane har samla saman musikkynskjer frå avdelingane, og repertoaret strakk seg frå Arne Bendiksen, Ivar Medaas, Cliff Richards til Elvis Presley for å nemna nokre!

Me takkar alle som deltok saman med oss på fredagens reisecafè! Takk til hjelpsame og engasjerte pleiarar, til våre driftige og flotte frivillige, til dagavdelinga som fiksar alt mogleg på rappen og til kjøkenet som lagar dei finaste smakfulle kaker!

Med ynske om ei god helg!

Guri Gjermstad Dypvik

Her er fleire bilete:


Sist endret: 30.08.2019