Facebook ikon Twitter logo Print side

Reiselivet i bergensregionen har fått nye nettsider

På Visit Bergen sine nye reiselivssider kan du lesa om kva Bergen og regionen kan by på av overnatting, mat og oppleveringar.

Ill.

Ifølgje Visit Bergen vil den nye nettsidene gjera det enkelt å finna arrangement utanfor Bergen sentrum. Under  "Bergenskysten" finn du presentasjon av ein region som er staden for frisk og spennande opplevingar.

Det var i 2017 at «Region Bergen» starta opp som eit samarbeid mellom Bergen Reiselivslag, kommunane i Nordhordland i regi av Regionrådet i Nordhordland og Gode Sirklar i Sund, Fjell og Øygarden. Målsetjinga var å knyta reiselivet i regionen nord og vest for Bergen tettare på Bergen som reisemål.

I lokalavisene er det gjennomført ein julekampanje med heilsides annonser med informasjon om gode tilbod og arrangement i førjulstida.


Publisert: 26.11.2018 15:41
Sist endret: 26.11.2018 15:45