Facebook ikon Twitter logo Print side

Rekordmange lærlingar i Fjell

Med 39 nye lærlingar hausten 2017, er det no totalt 80 ungdomar som er lærlingar i Fjell. I dag ønskte koordinator for lærlingane, Evelyn Persson, dei velkomen til informasjonsmøte i kultursalen.

I dag var dei nye lærlingane samla på informasjonsmøte i kultursalen.
I dag var dei nye lærlingane samla på informasjonsmøte i kultursalen. Foto: Kjell Andersland.

- Det er flott at kommunen kan ta inn lærlingar i mange fag. Eg er sikker på at de får nokre flotte år her i Fjell, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho helsa til dei nye lærlingane.

Margrethe Johnsen frå Loddefjord skal arbeida som lærling i Bjorøy barnehage.

- Eg ville prøva noko nytt. Eg er litt skulelei, og klar for å arbeida med barn, seier Margrethe som slår fast at ho trivst som lærling i barnehagen.

Malene Skansen frå Askøy er i full gang som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget på Foldnes skule.

- Eg er i femte klasse der eg hjelper elevane fagleg og gjerne les litt ekstra med nokre av dei i grupper. Eg har også vore i SFO, seier Malene som trur det vert flott å vera lærling i Fjell.

Margrethe Johnsen og Malene Skansen.
Margrethe Johnsen og Malene Skansen.

Rettar og plikter

På samlinga i kultursalen minna rådmann Steinar Nesse om kor viktig det er å gå inn i arbeidstakarrolla.

- Møt presis opp til avtalt tid. Er du skikkeleg sjuk, skal du halda deg heime, men dersom du er «halvsjuk», møt opp på jobb! Til sjuande sist handlar det om deg sjølv om du skal lukkast, sa Nesse og viste til at svært mange som er lærlingar i Fjell får seg jobb i etterkant av lærlingtida.

Fire fagleiarar vart presenterte på samlinga i dag. Det er Bente Våge som er fagleiar i helsefag, Nina Høyem som er faglærar for barne- og ungdomsarbeidarfaget, Kristin Melsbø som er fagleiar for kontorfaglærlingane og Harald Polden som er fagleiar for bygg og drift. Også IKT-faget er representert blant lærlingane.

Personalsjef Lisbeth Grosvold orienterte om fjell-samfunnet, administrativ og politisk organisering og om verdiane til Fjell kommune; likeverd, samhandling og handlekraft.

Koordinator for lærlingane, Evelyn Persson, minna om kva rettar og plikter lærlingane har. Det er viktig at den enkelte lærling er motivert, sjølvstendig, viser ansvar, lojalitet og arbeidsglede.

- Eit positivt menneskesyn, gjensidig respekt, sterkt samhald, tett dialog er viktige stikkord i arbeidslivet, sa Persson.

Seinare på samlinga var det informasjon om MOT, fagforeiningar og Cidi Nzita som kom frå Angola til Noreg som einsleg mindreårig i 2003.

Her er fleire bilete frå samlinga i dag

Alia Al-Esawie kjem frå Bergen og skal vera på Straume bu- og servicesenter, men har i starten vore assistent på Fjell sjukeheim.Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy Rådmann Steinar NesseKoordinator for lærlingane, Evelyn PerssonPersonalsjef Lisbeth Grosvold

 Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 05.09.2017 19:47
Sist endret: 05.09.2017 20:01