Facebook ikon Twitter logo Print side

ROS-analyse bidreg til å lukka avvik etter tilsyn

Formannskapet skal på møtet den 5. desember ta stilling til overordna heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (kommuneROS) for Sund, Fjell og Øygarden. Dersom ROS-analysen vert vedteken av dei tre kommunane innan utgangen av året, vert avvika frå Fylkesmannen lukka.

Ill.

Dei tre kommunane har hatt avvik knytt til manglande heilskaplege ROS-analysar etter tilsyn frå Fylkesmannen. Fristen for å lukka avvika er 31. desember i år.

Som følgje av at dei tre kommunane dannar Nye Øygarden kommune frå 2020, har det vore gjennomført felles prosjekt for gjennomføring av ROS i kommunane. Resultatet er eit felles kommuneROS-dokument. I gjennomføringa av analysen har ein sett vekk frå kommunegrensene, men teke omsyn til lokale forhold i den enkelte kommune.

Ønskjer alkoholservering i samband med boksestemne

Hansvoll & Sollund promotions søkjer om skjenkeløyve i samband med eit boksestemne der Tim Robin Lihaug skal boksa om VM-tittel den 23. mars neste år. I dei alkoholpolitiske retningslinjene går det fram at det ikkje kan skjenkast alkohol i nokre delar av Sotra Arena samstundes som det går føre seg idrettslege arrangement i arenaen. Det kan likevel gjerast unnatak i spesielle tilfelle dersom det er formålstenleg ut frå ei heilskapsmessig vurdering.

Rådmannen kan i liten grad vurdera søknaden då kommunestyret ikkje har gjeve nærare signal om kva som vert å rekna som «spesielle tilfelle», og saka vert difor lagt fram utan innstilling.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 27.11.2018 23:29
Sist endret: 27.11.2018 23:34