Facebook ikon Twitter logo Print side

Rustar opp Ågotnes idrettspark

Kommunestyret vedtok i dag å gjennomføra ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

- Gratulerer med dagen til alle i Fjell kommune og spesielt til dei i Ågptnes-området, sa Odd Arvid Valvatne like før eit samrøystes kommunestyre vedtok å rusta opp Ågotnes idrettspark.
- Gratulerer med dagen til alle i Fjell kommune og spesielt til dei i Ågptnes-området, sa Odd Arvid Valvatne like før eit samrøystes kommunestyre vedtok å rusta opp Ågotnes idrettspark.

Saka er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i 2017 der rådmannen vart beden om å fremja ei sak om utvikling av idrettsanlegget. Det er vedteke å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksisterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering. Det skal prosjekterast og oppførast eit garderobebygg. Trafikktryggleiken ved anlegget skal utbetrast ved tydeleg skilting og bom. Vedtaket inneber at rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Nordre Fjell Allianse IL når det gjeld fordeling av drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved anlegget. Fjell kommune er byggherre for tiltaka.

Finansierer delar av 110-sentral for 2018

Fjell kommune har motteke ein faktura frå Øygarden brann og redning (ØBR) på om lag eín million kroner som gjeld kostnader til 110-sentral.

Med 18 røyster slutta kommunestyret slutta seg til framlegget frå formannskapet om at fakturaen skal dekkjast av ØBR slik også Sotra Brannvern tidlegare har gjort. Kommunestyret gjev eit ekstra tilskot for 2018 på 500 tusen kroner til delvis dekking av rekninga. Tilskotet vert finansiert ved bruk av disposisjonsfondet. Høgre, Frp og KrF (16 røyster) røysta for å dekkja heile fakturaen.

Finansierer rundkøyring fv 209 ved Kystbygarasjen

Etter framlegg frå Sotralista vedtok kommunestyret samrøystes å forskottera utbetring av rundkøyring fv 209 Arefjordvegen ved Kystbygarasjen. Finansiering vil ein koma tilbake til i samband med budsjettet for 2019.

Finansiering av vidare drift av Gründerparken Vest

Kommunestyret vedtok å løyva 500 tusen kroner til vidareføring av gründerparken. Løyvinga gjeld berre for 2019 og vert finansiert over disposisjonsfondet . I løpet av 2019 skal det for fellesnemnda for Nye Øygarden kommune leggjast fram ein modell for framtidig finansiering av gründerparken. I vedtaket heiter det også at gründerparken i 2019 må følgjast opp av ei styringsgruppe med eín representant frå Vest Næringsråd, to representantar frå gründerane og eín representant frå kvar av dei tre kommunane. Representanten frå Vest Næringsråd skal vera leiar for styringsgruppa, og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vert representant for Fjell kommune.

Plan for Hjortefaret, Midtre Fjell

Kommunestyret godkjente detaljreguleringsplan for Hjortefaret. Planområdet er på 80 dekar og legg til rette for om lav 40 bustadeiningar og fortetting i eit eksisterande bustadområde. Kommunestyret slutta seg til eit tilleggspunkt fremja i komité for plan og utvikling om at grensa mellom to av tomtene vert flytta to meter.

Godkjente plan for Tibben, Trengereid

Kommunestyret godkjente detaljreguleringsplan for Tibben, Trengereid. Planområdet er på om lag 34 dekar og ligg på Trengereid. Formålet er å leggja til rette for å byggja totalt 17 bustadeiningar i form av rekkjehus og ein einebustad. I tillegg kjem infrastruktur, felles opphaldsareal ute og leikeplass.

Planen har vore ute til offentleg ettersyn. Statens vegvesen hadde motsegn til planframlegget, men har seinare trekt motsegna. Dermed kan kommunen eigengodkjenna planen. Planområdet grensar til eit bustadområde som er under bygging i aust og ein godkjend plan for ei småbåthamn i vest. Området ligg vestvendt til på ei hylle i terrenget og har gode sol- og utsiktsforhold. Bustadfeltet vert synleg frå Trengereidpollen, men vil ifølgje rådmannen ikkje bryta med silhuetten i landskapet.

Framstegspartiet leverte inn ein protokolltilførsel der det vart bede om å vurdera andre fartsdempande tiltak enn fartsdumpar, t.d. trafikklys.

Frå møtet i dag.
Frå møtet i dag.

Godkjende plan for Trettevika, Bjorøyna

Kommunestyret vedtok med 19 mot 16 røyster (Ap., Venstre, Sp., SV, Miljøpartiet Dei Grøne og eín representant frå KrF) å godkjenna detaljregulering for Trettevik, Bjorøyna. Planen legg til rette for bustader i eit område som i dag er samansett av fem fritidsbustader. Planframlegget opnar for fem bustader med totalt seks bustadeiningar. Fylkesmannen har kome med motsegn ettersom planforslaget er i strid med arealdelen til kommuneplanen. Han meiner at planen kjem i konflikt med strandsonevernet, landskapsverdiar og statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Vedtaket innebér nokre endringar i planen fremja i komité for plan og utvikling.

Godkjente plan for Møvik bustad- og næringspark

Kommunestyret vedtok å godkjenna plan for Møvik bustad- og næringspark. Planområdet er på 23 dekar og ligg i Møvika. Det vert lagt til rette for inntil 36 nye bustader i kombinasjon med næringsverksemd. Den etablerte småbåthamna vert vidareført utan særlege endringar slik som i gjeldande plan.

Statens vegvesen og fylkesmannen kom med motsegn til planforslaget. Motsegna frå Statens vegvesen er avklart og trekt, men det er ikkje kome til semje med Fylkesmannen. Kommunen kan difor ikkje eigengodkjenna planen. Med bakgrunn i innkomne merknader, innspel frå tiltakshavar og møte med Fylkesmannen og Statens vegvesen, er det gjort mindre endringar og justeringar i planen og føresegnene. Saka går via Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

Kommunestyret godkjente at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Det er sett av 40 millionar kroner til prosjektet i investeringsbudsjettet. I vedtaket heiter det at kostnadsauke frå tidlegare avsetnad i investeringsbudsjettet samsvarar med skisseprosjekt med kostnadskalkyle. Prosjektet omfattar riving av gamleskulen og utviding av skulen mot bedehuset og idrettsplassen. Ifølgje rådmannen vil dette gjera Bjorøy til ein moderne skule med rom for utviding og tilrettelagd utforming for universell utforming for elevar og tilsette. Byggjestart var i mai 2018. Gamleskulen vart riven før fellesferien. Også sprengingsarbeida starta opp før ferien. No er betongarbeida i full gang, og betongdekke over underetasjen vert støypt i desse dagar.

Etterbruk av skulen på Misje

Det vart samrøystes vedteke at Misje bygdelag får overta gamle Misje skule med bygningar og utelanlegg for kr. 1,-. Misje og Tellnes skular vart lagde ned frå og med skuleåret 2018/2019. Avtalen med bygdelaget på Misje sikrar Fjell kommune heftefri gjenkjøpsrett til tomt og skulebygg, ved eventuelt vidaresal. I samband med utarbeiding av avtalen, må framtida og vilkåra for museumsgjenstandane i skulebygget avklarast.

Drift av Lyngheia bufellesskap

Kommunestyret tok sak om drift av bufellesskapet til orientering. Driftskostnadene er innarbeidde i rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2019. Den 16. november var det kranselag for bygget som ligg mellom Blombakkane bustader og Røde Kors-huset på Straume.

Tek imot 10 ekstra flyktningar

Fjell kommunestyre vedtok samrøystes å busetja ytterlegare 10 flyktningar i 2018. Samla har Fjell kommune vedteke å ta i mot 30 flyktningar i 2018, der to av plassane er knytt til einslege mindreårige. På grunn av knapp tidsfrist godkjende administrasjonen å ta imot 10 ekstra flyktningar. Det viser seg at administrasjonen ikkje hadde fullmakt til dette. Difor vart det administrative vedtaket oppheva. Kommunestyret fekk dermed saka på bordet i dag og gjorde endeleg vedtak om å ta imot 10 ekstra flyktningar.

Det var levert inn lovlegkontroll på rådmannen si avgjerd. Tidlegare i møtet vedtok kommunestyret å ta kravet om lovlegkontroll til følgje og at kommunestyret oppheva rådmannen sitt vedtak om å ta imot 10 ekstra flyktningar for 2018.

Andre gongs behandling av parkeringssituasjonen ved Fjell rådhus og helseområdet på Straume

Kommunestyret slutta seg til komité for drift og forvaltning (KDF) si innstillinga om å setja opp fire elektroniske tavler ved inngangen til Straume helsesenter, lokalmedisinsk senter og Straume terapisenter for året 2019. Kostnadene med tiltaket, opp mot 110 tusen kroner, vert finansiert gjennom investeringsbudsjettet til Servicetorgsjefen. Rådmannen må, innan rimeleg tid, å leggja fram ei enkel evaluering til KDF og kommunestyret om tiltaka fungerer.

Gjev garanti for spelemidlar til turnhall

Under føresetnad av fylkesmannen si godkjenning, vedtok kommunestyret at Fjell kommune står som simpel kausjonist overfor Kulturdepartementet for 12,4 millionar kroner i statlege spelemidlar til Sotra Sportsklubb si bygging av fullfinansiert turnhall i Straume Idrettspark. Garantitida gjeld i 20 år frå utbetaling av tilskot.

Andre saker i kommunestyret

  • Søknad om skjenkeløyve
    iSushi Café Sotra AS får innvilga søknad om skjenkeløyva for alkohol.

  • Søknad om nettsalsløyve for alkohol
    NG Meny Vest AS får innvilga søknad om nettsalsløyve for alkohol. Vedtaket vart gjort mot eí røyst (Sp.).
  • Oppfølging av forvaltningsrevisjon om tilpassa opplæring
    Kommunestyret tok rapporten etter forvaltningsrevisjon om «Tilpassa opplæring, spesialundervisning og samarbeid med PPT» til orientering. Rapporten og spørsmål som vart stilt i kommunestyret vert følgd opp i komité for drift og forvaltning. Kommunestyret ber administrasjonen å koma tilbake til KDF med ein tilstandsrapport om det vidare arbeidet med å lukka avvik i rapporten etter forvaltningsrevisjon
    .
  • Fritak frå verv
    Kommunestyret gav Eli Bergsvik fritak frå vervet som leiar av forliksrådet for Fjell, Sund og Øygarden. Som ny leiar av forliksrådet vart vald Kristin Børve Jacobsen. Som ny nestleiar vart vald Geir Oldenberg. Wenche Iren Ersland Liljegren vert nytt medlem i forliksrådet, medan Hilde Elisabeth Lohmann Sandal vert nytt varamedlem.

  • Møteplan
    Møteplan for folkevalde i 2019 vart godkjend. Dersom det er behov for det, vert det også kalla inn til kommunestyremøte den 21. mars. Det vert kalla inn til felles kommunestyremøte for Sund, Fjell og Øygarden den 17. januar.

Johnny Breivik
Johnny Breivik

Før behandlinga av sakene, orienterte hamnedirektør i Bergen havn om planane om godshamn på Ågotnes.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 22.11.2018 18:35
Sist endret: 22.11.2018 18:55