Facebook ikon Twitter logo Print side

Ryddar i strandsona på Algrøyna

Frå laurdag den 19. august gjennomfører Sotra Sportsdykkerklubb ryddeaksjon i strandsona på Algrøyna. Det vert rydda i sjøen og langs stranda, og det er berre å melda seg om du ønskjer å hjelpa til. Aksjonen går føre seg fram til og med 26. august.


Foto: Caroline Christensen

Dette tiltaket er ein del av ryddeprosjektet til FjellVAR, Norsk Gjenvinning og kommunen. I sommar fekk dei tre aktørane 2,4 millionar kroner frå Miljødirektoratet til eit prosjekt med tiltak mot marin forsøpling. Prosjektet omfattar utprøving av pant på plast, undervisning av skuleklassar, strandrydding og rydding av sjøbotn.

Det er høve til å vera med å rydda både på «land og til vanns». Sotra sportsdykkarklubb vil få kompensert den frivillige innsatsen, så dei som deltek vi bidra til klubbkassen. De finn meir informasjon om ryddeaksjonen til Sotra Sportsdykkerklubb på facebooksida «Frå vik til vik – Rein kyst», eller kontakt leiar i Sotra Sportsdykkerklubb, Caroline Christiansen.

- Det er utroleg kjekt at vi fekk midlar til prosjektet og at vi i tillegg kan knytta aktivitet til prosjektet så kort tid etter. FjellVAR, Norsk Gjenvinning og Fjell kommune hadde første møte etter ferien denne veka, og vil om kort tid «rulla ut» eit opplegg for skulane med undervisning, strandrydding og pant på plast, seier avdelingsleiar for miljø geodata og oppmåling hjå Plan- og utbyggingssjefen, Hanna Gjesdal.

Les meir om tiltaket på Facebook-sida til Sotra Sportsdykkerklubb.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 17.08.2017 14:41
Sist endret: 17.08.2017 14:49