Facebook ikon Twitter logo Print side

«Saman mot mobbing», Sotra Arena

Den 15. og 16 februar skal tusenvis av barn, unge og vaksne samlast i Sotra Arena i Fjell der det i to dagar handlar om mobbing.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Jogeir Sognnæs, Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy er klare for storinnrykk i Sotra Arena på onsdag og torsdag denne veka.
Jogeir Sognnæs, Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy er klare for storinnrykk i Sotra Arena på onsdag og torsdag denne veka.

- Eg håpar at opp mot fem tusen personar vil finna vegen til Sotra Arena desse dagane. Det er første gong vi gjennomfører eit arrangement i så stort omfang om dette temaet. Dette vert det største «Bruk Hue»-arrangementet på Vestlandet nokosinne. Vi er også glade for at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vert med på konferansen den 16. februar, seier prosjektleiar Jogeir Sognnæs som til dagleg er PPT-leiar i Fjell kommune.

På den første dagen, onsdag den 15. februar, skal 2700 elevar på barne- og ungdomstrinnet frå Fjell, Sund og Øygarden på dagtid delta på Bruk Hue, Norges største skuleturné mot nettmobbing. Dei vil også få møta Kjartan frå «Kjetil og Kjartans tips mot nettmobbing».

Om kvelden er det ope hus for foreldre og tilsette i skule og barnehage i regionen vest for Sotrabrua. Vi ventar mellom 1 500 og 2 500 på dette arrangementet. Dette vert ei oppfølging av Bruk Hue på dagtid, supplert med ein panelsamtale leia av Marco Elsafadi.

På torsdagen er det venta opp mot 500 konferansedeltakarar på fagkonferanse. Det er lagt opp til eit innhaldsrikt program, men høgdepunktet vert nok kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som har varsla at regjeringa sin nye plan mot mobbing vert lansert rett i forkant av konferansen.

TRYGG I FJELL vart etablert som prosjekt i Fjell kommune for 3 år sidan, for å intensivera arbeidet mot mobbing i kommunen. Arrangementa er ei markering av det arbeidet som har vore gjort og erfaringar frå prosjektet vil bli delt i løpet av desse dagane.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 13.02.2017 15:04
Sist endret: 13.02.2017 15:08