Facebook ikon Twitter logo Print side

Saman om ein god overgang

Fjell kommune fekk sommaren 2017 status som språkkommune. Dette innebar økonomisk og fagleg støtte til å utarbeide ein overordna strategi med ulike innsatsområde.

Ill.

Prosjektet er ein del av Språkløyper som er ei statleg satsing på språk, lesing og skriving i eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, lese- og skrivesenteret.

Eitt av tiltaka har vore arbeid med overgangen frå barnehage til skule med utgangspunkt i nettressursar i som ligg i Språkløyper. Ca 80 skule- og barnehagetilsette har i løpet av det siste året vore igjennom 6 samlingar med fokus på kulturmøte, samarbeid, språkarbeid og kartlegging.

Samlingane har vore med på å auka forståinga for kvarandre sin kultur og arbeidsmåtar. Kunnskap om barnehagen og skulen sitt lovverk har tydeleggjort nokre skilnader, men også stor likskap. Betre kjennskap til kvarandre har også vore med på å fremme lokale initiativ for å skape ein så god overgang som mogleg for alle barn i kommunen.

Tekst: Anne Turid Våge
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå samlinga den 29. november:


Publisert: 02.12.2018 22:40
Sist endret: 02.12.2018 22:47